Ole-Johan Dahls hus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole-Johan Dahls hus, ferdigbygt
Ole-Johan Dahls hus under bygging, oktober 2008.
Foto: Kjetil Ree
Ole-Johan Dahls hus under bygging, oktober 2008.
Foto: Kjetil Ree

Ole-Johan Dahls hus (prosjektnamn: Ifi2) er informatikkbygget ved Universitetet i Oslo (UiO) som opna i 2011.[1] Bygningen ligg i Gaustadbekkdalen like ved Blindern, og husar Institutt for informatikk og samarbeidspartnarar i området. Han er kalla opp etter Ole-Johan Dahl, UiOs første professor i informatikk.

Byggeprossess[endre | endre wikiteksten]

Bygningen vart bygd av Statsbygg på vegner av Kunnskapsdepartementet for Universitetet i Oslo. Grunnarbeidet starta våren 2006, og oppstart for byggearbeidet var mars 2007. Kostnadsramma for prosjektet var på 1 milliard kroner (prisnivå 2006).

Strukturen til bygget[endre | endre wikiteksten]

Totalt areal på bygget er ca. 28 250 kvm. Arealet femner parkeringskjellar og studentpub (Escape), vrimleareal, kantine, bibliotek, kaffebar, auditorium i ulike storleikar, undervisningsrom, kollokvierom, lesesalar, terminalstover og kontorplassar. Bygningen har ca. 300 kontorplassar og ca. 2400 studentplassar.

Bygget har gjennomgåande etasjar frå 1 til 4. I sørenden er det 5 etasjar, medan det i norddelen er ei høgblokk på 10 etasjar. Bygningen tek opp Blindernfargane til platået, som er teglrødt og sort. Føre bygget er det etablert eit grøntområde med gong- og sykkelveg.

Bygget er fundamentert på fjell. Det er kompliserte grunnforhold med mykje leire, på grunn av den underjordiske Gaustadbekken.

Tekniske data[endre | endre wikiteksten]

  • Arkitekt: Lund Hagem Arkitektar AS
  • Byggherre: Statsbygg
  • Brutto areal: 28.250 kvm
  • Byggestart: 2/1-2006
  • Ferdig bygt: ultimo 2010
  • Innflytting: januar 2011
  • Ferdig uteareal: medio 2010

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Offisiell åpning av Ole-Johan Dahl hus». UiO Institutt for informatikk. Henta 15. mai 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]