Gavlfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 68°56′46″N 15°23′05″E

Alsvåg ved Gavlfjorden
Gavlfjorden i midnattssol

Gavlfjorden er ein fjord langs kommunegrensa mellom Øksnes og Andøy i Nordland. Fjorden ligg mellom Andøy i aust og den nordlege delen av Langøya. Fjorde strekkjer seg 19 km sørover til sørspissen av Andøya.

I nord startar fjorden mellom Langenes i vest og Bømyra i aust. På Langøya ligg bygda Klo ved fjorden. Like sør for Klo ligg bygda Strengelvåg og her går Strengelvågfjorden sørvestover. Søraust for Strengelvåg ligg Gisløya, som har brusamband til fastlandet. Stormyra er eit stort myrområde like sør for Strengelvåg og her går Grunnfjorden innover i myrområdet. Meløya og Instøya er to andre øyar like sør for Gisløya. Begge desse har òg brusamband til fastlandet ved tettstaden Alsvåg. Det ligg fleire grender sørover langs vestsida av fjorden og mellom Steinsvik i vest og Holm i aust går Lifjorden vidare sørover, medan Gavlfjorden svingar søraustover. Aust for Holm går òg den vesle fjordarmen Straumvatnet sørover. Den sørlegaste delen av Gavlfjorden følgjer grensa mellom Andøy og Sortland.

På Andøy er det langt færre busetnader langs fjorden. Lengst nord i fjorden ligg grenda Åknes, men elles er det berre spreidde gardsbruk. Sørspissen på Andøya er Gavlneset. Nordaust for dette neset ligg Risøysundet. Vidare sørover går Sortlandsundet, medan Forfjorden går søraustover.

Det går fleire fylkesvegar langs fjorden. På Langøya finn ein Fv939, Fv937, Fv935 og Fv943. På Andøy ligg Fv973 og Fv975.