Steve Harris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Steve Harris
Steve Harris 521.jpg
Steve Harris på scenen i 2008
Verkeleg namn Stephen Percy Harris
Fødd 12. mars 1956 (61 år)
Leytonstone i Essex i England
Instrument Bassgitar, klaverinstrument, vokal
Sjanger Heavy metal, hardrock
Aktive år 1972 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar
Tilknytte artistar Iron Maiden, Lauren Harris, Smiler, Gypsy's Kiss
Plateselskap EMI
Kjende instrument
Fender Precision Bass

Stephen Percy «Steve» Harris (fødd 12. mars 1956) er ein engelsk musikar og låtskrivar. Han er best kjend som bassist og den viktigaste låtskrivaren i det britiske heavy metal-bandet Iron Maiden. Han er det einaste medlemmmet i Iron Maiden som har vore med sidan starten i 1975, i lag med gitaristen Dave Murray.

Harris har ein gjenkjenneleg og populær spelestil på bassen, særleg den «galopperande» stilen som ein kan høyre på fleire Iron Maiden-songar, som singlane «Run to the Hills» og «The Trooper». I tillegg til å spele bass, skrive låtar og synge korvokal, har han hatt andre roller i gruppa, som å produsent og medprodusent, regissør for konsertvideoane deira, og spele klaverinstrument og synthesizerar i studio. Han har blitt omtalt som ein av dei beste heavy metal-bassistane.

Den 24. september 2012 gav Harris ut det første soloalbumet sitt, British Lion.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Harris var fødd i og voks opp i Leytonstone, der han ønskte å bli profesjonell fotballspelar.[1] Han vart oppdaga av Wally St Pier og fekk trene med West Ham United.[2] Tidleg i tenåra vart han interessert i rockemusikk, og forstod at han ikkje lenger ønskte å spele fotball.[2]

I starten ønskte Harris å spele trommer,[3] mmen hadde ikkje nok plass til eit trommesett heime og valte å spele bass i staden.[4] Han var heilt sjølvlært,[5] og den første bassen hans var ein kopi av ein Fender Precision-modell som kosta han £40 i 1971.[3]

Berre 10 månader etter han kjøpte den første bassen sin, vart Harris med i eit band, først kalla Influence og seinare Gypsy's Kiss, med Bob Verscoyle (solovokal), Dave Smith (gitar) og trommeslagaren Paul Sears.[6] Etter nokre få konsertar i Cart and Horses pub i Maryland Point i Stratford og the Bridgehouse i Canning Town,[7] vart bandet oppløyst og Harris prøvespelte for bandet Smiler i februar 1974.[8] Her byrja Harris å skrive sine eigne songar og arbeidde med dei framtidige Iron Maiden-medlemmane Dennis Wilcock og Doug Sampson,[9] men slutta i bandet då dei nekta å spele songane hans, som dei meinte var for kompliserte.[10]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Iron Maiden[endre | endre wikiteksten]

Etter han slutta i Smiler, starta Harris opp Iron Maiden på juledagen 1975.[10] Før Iron Maiden fekk kontrakt med EMI i 1979, arbeidde Harris som teknisk teiknar i East End of London fram til han vart overflødig. Han tok seg då jobb som gatefeiar.[11][12]

Frå starten av bandet var Harris den viktigaste låtskrivaren i bandet.[13] Songane hans hadde ofte ein galopperande bass, som ein kan høyre mykje på songar som «The Trooper» og «Run to the Hills»,[14][15] og taktendringar påverka av progressiv rock.[4][16] I seinare år har songane til Harris blitt meir progressive,[17][18] og gitaristen Adrian Smith har sagt at Harris no føretrekkjer «tekstar og melodiar og arrangering» for songane til dei andre medlemmane, i staden for å skrive aleine.[19] Harris har ofte skrive tekstar om mytologi, historie og tema inspirerte frå bøker og filmar, og reflekterer interessene sine og påverknaden til progressiv rock.[11][20][21]

Soloprosjekt[endre | endre wikiteksten]

I september 2012 gav Harris ut det første soloalbumet sitt, British Lion.[22]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Harris (høgre) med Dave Murray i 2008.
Solo
Lauren Harris
Deeds
  • Blown (produsent, 2002)[23]}}

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wall 2004, s. 15.
  2. 2,0 2,1 Wall 2004, s. 17.
  3. 3,0 3,1 Wall 2004, s. 20.
  4. 4,0 4,1 The History of Iron Maiden – Part 1: The Early Days. [DVD]. EMI. 23 November 2004. 
  5. Gers, Janick. «Steve Harris as known by Janick Gers». Iron Maiden Official Website. Arkivert frå originalen den 19 August 2010. http://web.archive.org/web/20100819095537/http://www.ironmaiden.com/index.php?categoryid=14&p2_articleid=329. Henta 21. august 2016. 
  6. Wall 2004, s. 21.
  7. Wall 2004, s. 23.
  8. Wall 2004, s. 24.
  9. Wall 2004, s. 25.
  10. 10,0 10,1 Wall 2004, s. 26.
  11. 11,0 11,1 Ling, Dave (2005). «Powerslave Driver». Metal Hammer presents: Iron Maiden 30 Years of Metal Mayhem: 31–34. 
  12. Wall 2004, s. 114.
  13. «The 60 greatest bassists of all time – 16/60, Steve Harris». MusicRadar. 24 September 2010. http://www.musicradar.com/news/guitars/the-25-greatest-bassists-of-all-time-279007/45. Henta 21 September 2011. 
  14. Huey, Steve. «Piece of Mind – Review». AllMusic. Rovi Corporation. http://www.allmusic.com/album/r9912. Henta 19 November 2011. 
  15. Lawson, Dom. «666 of the Best». Kerrang! Legends (2): 36–37. 
  16. «Iron Maiden Bassist Talks About His Technique And Influences». Blabbermouth.net. 24 September 2004. http://www.blabbermouth.net/news/iron-maiden-bassist-talks-about-his-technique-and-influences/. Henta 25 April 2008. 
  17. Dome, Malcolm (September 2006). «The Good Life». Classic Rock (97): 76. 
  18. Dome, Malcolm (September 2006). «Iron Maiden: War all the Time». Metal Hammer (157): 34–40. 
  19. McIver, Joel (December 2010). «Iron Maiden: Adrian Smith». Total Guitar (208): 40–42. 
  20. Popoff, Martin (2005). «Maiden at the Movies». Metal Hammer presents: Iron Maiden 30 Years of Metal Mayhem: 104–105. 
  21. Young, Simon. «Iron Men». Kerrang! Legends (2): 90–93. 
  22. «Iron Maiden's Steve Harris Announces First Ever Solo Album 'British Lion'». Metal Hammer. 21. august 2016. Arkivert frå originalen den 23 February 2014. http://web.archive.org/web/20140223010938/http://www.metalhammer.co.uk/news/iron-maidens-steve-harris-announces-first-ever-solo-album-british-lion/. Henta 21. august 2016. 
  23. «Deeds Set Tentative Release Date For Blown». Blabbermouth.net. 23 May 2002. http://www.blabbermouth.net/news/deeds-set-tentative-release-date-for-blown/. Henta 13 January 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Steve Harris