Geilo kyrkje
Utsjånad
| Geilo kyrkje | |||
| kyrkje | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Buskerud | ||
| Kommune | Hol | ||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
| Bispedøme | Tunsberg | ||
| Prosti | Hallingdal | ||
| Sokn | Geilo | ||
| Fellesråd | Hol | ||
| Type | Langkyrkje | ||
| Arkitekt | Jacob Wilhelm Nordan | ||
| Material | Tre | ||
| Innvigd | 4. juni 1890 | ||
| Klokker | O. Olsen & Søn, 1892 | ||
| Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
| Orgel | J.H. Jørgensen, 1960 | ||
| Sitjeplassar | 190 | ||
![]() Geilo kyrkje 60°32′07″N 8°12′37″E / 60.53527778°N 8.21027778°E | |||
| Wikimedia Commons: Geilo kyrkje | |||
Geilo kyrkje er ei langkyrkje i Hol kommune i Buskerud fylke.
Kyrkjegarden vart teken i bruk i 1886, og arkitekt Jacob Wilhelm Nordan la fram teikningar same år. Kyrkja vart innvigd som Ustedalen kapell 4. juni 1890 og fekk endra namn til Geilo kyrkje 1. januar 1988. I 1958–60 vart kyrkja utvida vestover med eit større våpenhus, og interiørfargane vart endra ved same høve.
I 1975 opna ny kyrkjegard ved Bruhaugen, og i 2010 tok Geilo kulturkyrkje over som soknekyrkje. Geilo kyrkje vert likevel bevart og nytta til enkelte seremoniar og høgtider.
Bilete frå kyrkja
[endre | endre wikiteksten]- Mot koretFoto: Andrewrabbott
- AltarpartietFoto: Andrewrabbott
- OrgelgallerietFoto: Andrewrabbott
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 517. ISBN 82-7527-022-7.
- Sigrid Marie og Håkon Christie: Ustedalen kapell i «Norges kirker»
- Hol kyrkjelege fellesråd
- «Geilo kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Geilo kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Denne kyrkjeartikkelen som har med Buskerud å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
