Geofysisk Institutt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Geofysisk Institutt.

Det Geofysiske Institutt (eller Geofysen som det òg blir kalla) høyrer til Det matematisk-naturvitenskapelege fakultet ved Universitetet i Bergen og vart oppretta i 1917 etter forslag frå professor Bjørn Helland-Hansen. GFI representerte ein vidareføring av forskingsaktivitetar ved Bergen Museum (oppretta 1825) og Biologisk Stasjon (oppretta 1892). Det Geofysiske Institutt hadde frå starten ei avdeling for oseanografi og ein avdeling for meteorologi, begge med indre sjølvstyre. Seinare kom det òg til ei avdeling for jordmagnetisme og kosmisk fysikk. Allereie frå starten av hadde GFI ein høg internasjonal standard og hadde eit omfattande internasjonalt kontaktnett. Derfor vart professor Vilhelm Bjerknes ved Universitetet i Leipzig bedt om å kome til Bergen for å leie planlegginga og organiseringa av den meteorologiske verksemda. Dette førte til den berømte «Bergensskulen» der ei rekkje seinare kjende meteorologar gjorde sin første innsats: Jakob Bjerknes, Halvor Solberg, Carl-Gustav Rossby, Tor Bergeron og fleire. Den oseanografiske forskinga heldt òg høg standard med den kjende teoretikaren Jonas Ekman Fjeldstad ved sida av Harald Ulrik Sverdrup og Bjørn Helland-Hansen.

I starten heldt Det Geofysiske Institutt til i fleire mellombelse lokal, før det flytta inn i eit eige bygg på Florida. Det stod ferdig i 1928 (midtbygget). Her fekk òg Vervarslinga på Vestlandet og Det meteorologiske Observatorium plass. Bygget var svært godt utstyrt og blei realisert på grunn av ein pågåande innsamling frå innbyggjarane i Bergen, næringslivet og kommunen, og viser betre enn noko anna kor stor tru ein hadde på vitskapelege framsteg den gongen, spesielt i form av betre vêrvarsel, men òg i utforsking av havet.

Geofysisk Institutt gjekk inn som ein naturleg og viktig del av Universitetet i Bergen då dette blei oppretta i 1946. Instituttet hadde ein sterk auke i stillingar på byrjinga av 60-talet med tilsvarande auke i forskingsaktivitet.

Geofysisk Institutt i dag[endre | endre wikiteksten]

Geofysisk Institutt er i dag ein administrativ eining som omfattar forskings- og undervisningsgruppene for meteorologi og oseanografi. I tillegg er klimaforskingssenteret Bjerknessenteret tett knytt opp til instituttet.

Noverande instituttleiar er Peter M. Haugan.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]