George Catlin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
George Catlin
William Fisk - George Catlin - Google Art Project.jpg
George Catlin måla av William Fisk i 1849
Fødd 26. juli 1796
Wilkes-Barre
Død

23. desember 1872
Jersey City

Sjanger portrett
Yrke kunstmålar, kunstnar, biletkunstnar, advokat

George Catlin (26. juli 179623. desember 1872) var ein USA-amerikansk kunstmålar som framom alt har vorte kjend for sine indianarportrett og måleri som skildrar kvardagslivet til nordamerikanske urfolk.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Catlin var fødd i Wilkes-Barre i Pennsylvania. Etter kort tid som jurist gjekk Catlin i 1824 over til det yrket som gjorde han vide kjend. Tida 1824-29 arbeidde han som portrettmålar i Philadelphia. I 1830 fylgde Catlin med William Clark på ei forhandlingsreise til indianarstammene ved Mississippielva. To år seinare reiste han med hjuldamparen «Yellow Stone» på den fyrste av fleire reiser til øvre Missourielva. Ut av desse reisene kom han i 1837 med den aller fyrste kunstutstillinga der indianarar åleine og dagleglivet deira var motiv. Utstillinga opna i New York, men flytta i 1839 til Europa der interessa for ho var mykje større.

Catlin reiste sjølv til Europa i samband med utstillinga og fór ikkje tilbake til USA før enn i 1871. Dei første åra i Europa var han sysselsett med å gje ut fleire bøker. Den fyrste kom ut 1841 og bar tittelen The manners, customs, and condition of the North American Indians. Written during eight years' travel amongst the wildest tribes of Indians in North America, 1832-39.

George Catlin: Angrep på grizzlybjørnar, 1844

På 1850-talet la Catlin ut på fleire reiser til urfolk i Sør-Amerika og Kamtsjatka. I 1860-åra budde han i Brussel og det var der dei fleste av portretta hans, omkring 600 i talet, vart gjort ferdig utifrå skisser han hadde gjort i 1830-åra.

Catlin døydde i Jersey City i 1872, berre vel året etter han kom tilbake til USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: George Catlin