George Herbert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
George Herbert

Statsborgarskap Kongeriket England, Wales
Fødd 3. april 1593
Montgomery
Død

1. mars 1633 (39 år)
Bemerton

Yrke prest, lyrikar, skribent, politikar
Språk gresk, engelsk
Medlem av 4th Parliament of King James I
Religion Den anglikanske kirke
Far Richard Herbert, Lord of Cherbury
Mor Magdalen Herbert
Ektefelle Jane Danvers
George Herbert på Commons

George Herbert (3. april 15931. mars 1633) var ein engelsk forfattar som ved sida av John Donne og Andrew Marvell vert rekna som ein av dei mest framståande av dei metafysiske poetane.

George Herbert blei fødd inn i ein velhavande, utdanna familie. Faren døydde da George var tre år. Mora var ein ven av John Donne. Blant dei fire søskena hans er diktaren og filosofen Edward Herbert kjend. Lite er kjend om dei tidlege åra til Herbert. Han studerte teologi og filosofi ved University of Cambridge, og blei etter avslutta eksamen public orator ved Cambridge-universitetet. I 1630 blei han prestevigd.

I poesien sin egna Herbert seg praktisk tala berre til religiøse tema som han behandla frå ein svært personleg synsvinkel og korkje frå eit abstrakt eller telologisk standpunkt.

George Herbert døydde av tuberkulose 1. mars 1633 i Bemerton i Wiltshire.

I populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

Herbert har vorte tilskrive mottoet «Living well is the best revenge». Det amerikanske bandet Midtown nytta frasen som tittel på eit av sine musikkalbum og R.E.M. gav ein av songane på albumet Accelerate det same namnet.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Tittelsida til Temple frå 1633.
  • The Temple, 1633
  • The Countrey Parson, 1652

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Amy M. Charles: A Life of George Herbert. Ithaca, London 1977, ISBN 0-8014-1014-2
  • Wendy Cope: George Herbert. SPCK, London 2002, ISBN 0-281-05475-4
  • Tim McKenzie: Vocation in the poetry of the priest-poets George Herbert, Gerard Manley Hopkins and R. S. Thomas. Mellen, Lewiston, N.Y. 2004, ISBN 0-7734-6570-7
  • Helen Gardner: The metaphysical poets. Oxford University Press. London 1961.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]