George Mackay Brown

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
George Mackay Brown
Fødd 17. oktober 1921
Stromness
Død

13. april 1996
Stromness

Yrke lyrikar, sjølvbiograf, skribent, skodespelforfattar

Liksveip

Sju trådar er det i liksveipet,
den kvite tråden,
ein grøn korntråd,
ein blå fisketråd,
eit raudt sting, for kjæte, villskap og vreide,
ein grå tråd
(vinteren gjennom grip sviktande hand om rokk)
den svarte tråden,
og ein tråd altfor lys for auga.

George Mackay Brown. Attdikting av Jostein Sæbøe
For øyane syng eg (2015). Side 26.

George Mackay Brown (fødd 17. oktober 1921 i Stromness, død 13. april 1996 i Stromness) var ein britisk forfattar frå Orknøyane. Han blei fødd og var mesteparten av livet bufast i heimbyen Stromness, som ligg på øya Mainland, og er den nest største byen på Orknøyane etter hovudstaden Kirkwall. Mackay Brown voks opp i ein fattig familie, men utvikla tidleg ein interesse for litteratur og historie. Som ung blei han råka av tuberkulose, og var difor stadbunden på heimstaden fram til han tok til med høgare utdanning ved Newbattle College utanfor Edinburgh som trettiåring. Her kom han i kontakt med den høgvyrde forfattaren og kritikaren Edwin Muir, som fekk avgjerande tyding for den litterære utviklinga hans. På slutten av femtitalet fullførde han ein mastergrad på ei avhandling om diktaren Gerard Manley Hopkins, og i 1961 konverterte han til katolisismen.

Etter studietida var Mackay Brown for det meste bufast på Stromness, kvar han skreiv fleire diktsamlingar, skodespel, prosabøker og essays. Som forfattar er han kritisk til den vesterlandske moderniteten, og mykje av diktinga er historisk orientert. Han såg på den nordiske høgmellomalderen som ein gullalder, samstundes glorifiserer han ikkje fortida. Forfattarskapen skildrar ofte småbønder og fiskarar og den naturbundne livsrytmen deira. Den litterære stilen hans er gjerne enkel og stuttmælt, og minnar om den lakoniske uttrykksmåten i norrøn sogelitteratur.

Av diktsamlingar kan ein nemne Loaves and Fishes (1959), The Year of the Whale (1965) og Fishermen with Ploughs: A Poem Cycle (1971). I Orkney Tapestry (1969) blandar han i hop prosa og dikt, legender og historie. Mellom romanane hans finn ein til dømes Magnus (1973) og Beside the Ocean of Time (1994), og blant fleire novellesamllingar Winter Tales (1995).

Eit utval av George Mackay Brown sine dikt er attdikta av Jostein Sæbøe i diktsamlinga For øyane syng eg (2015) på Nordsjøforlaget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]