Gert-Dietmar Klause

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Gert-Dietmar Klause (fødd 25. mars 1945) er ein tysk tidlegare langrennar frå Reumtengrün i delstaten Sachsen som tevla for Aust-Tyskland. Han vann stafett-gull under Ski-VM 1974 og tok OL-sølv på femmila i 1976.

Klause vart nummer 19 på 30 km i sin meisterskapsdebut under dei olympiske vinterleikane i Grenoble i 1968. Ved Ski-VM 1970 i Strbske Pleso gjorde han fleire gode tevlingar. Det tok til med femteplass på tremila og heldt fram med fjerdeplass på 15 km, før han avslutta med å gå Aust-Tyskland inn til sølv i 4 x 10 km, etter at Gerd Hessler, Axel Lesser og Gerhard Grimmer hadde gått dei føregåande etappane.

Fire år seinare, under Ski-VM 1974 i Falun, avgjorde han stafetten på ankeretappen ved å slå Sovjetunionen sin ankermann med 10 sekundar. Dei hine verdsmeistrane var Gerd Hessler, Dieter Meinel og Gerhard Grimmer. Året etter vann Klause Vasaloppet, som den fyrste utanfrå Norden. Under vinterleikane 1976 i Innsbruck gjekk Klause inn til sjetteplass på 30 km, før han så vann sølvmedaljen på 50 km, 43 sekundar bak vinnaren Ivar Formo.

Klause slutta som aktiv toppidrettsutøvar etter 1978-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.