Gerhard Grimmer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gerhard Grimmer
Fødd 6. april 1943
Hora Svaté Kateřiny

Gerhard Grimmer (fødd 6. april 1943) er ein tysk tidlegare langrennsløpar fødd i Katharinaberg, i dag i Tsjekkia, som tevla for Aust-Tyskland. Han vart verdsmeister på 50 km under Ski-VM 1974, der han også vann stafettgull for Aust-Tyskland. I alt vann han seks VM-medaljar i 1970 og 1974.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Grimmer vart nummer ni på femmila under Ski-VM 1966 i Oslo. Etter nokre sesongar utan sterke prestasjonar, imponerte han stort i 1970-sesongen. Under verdsmeisterskapen i Štrbské Pleso i dåverande Tsjekkoslovakia raska han med seg tre medaljar. Fyrst tok han sølv på tremila bakom Vjatsjeslav Vedenin frå Sovjetunionen, deretter var han sjølvskriven til Aust-Tyskland sitt stafettlag som kom på sølvplassen, og til sist vart det bronse på 50-kilometeren. Grimmer avslutta sesongen med å vinne femmila i Holmenkollen, med over to minutts margin til toaren Pål Tyldum.

Under Holmenkollrenna 1971 vart Grimmer totalt overlegen dei hine utøvarane på femmila. På blytungt føre vart andremann, svensken Lars-Arne Bölling, slått med nærare sju minuttar. Eit par dagar tidlegare vart Grimmer nummer tre på 15 km. Straks i førevegen hadde han elles sikra austtysk dobbeltsiger på 30 km i Svenska skidspelen, Gerd-Dietmar Klause vann.

Grimmer tevla lite dei neste sesongane. Han kom sterkt tilbake i Ski-VM 1974 i Falun. På 15 km tok han sølv, sekundet bakom norske Magne Myrmo. Så var han med på den historiske stafettsigeren for DDR, saman med Gerd Hessler, Dieter Meinel og ankermannen Klause vann dei det einaste austtyske stafettgullet i langrenn for menn. Til sist vart Grimmer verdsmeister på 50 km.

I 1975 vart han tildelt Holmenkollmedaljen, før han vart nummer tolv på 15 km. Han avslutta skikarrieren med ein femteplass på femmila under Vinter-OL 1976 i Innsbruck.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar