Gesa Felicitas Krause
Gesa Felicitas Krause | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 3. august 1992 (30 år) Ehringshausen |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommer-OL 2012 – 3000 meter hinder damer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 3000 meter hinder kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 3000 meter hinder kvinner |
Utmerkingar |
Sparkassenpreis für Vorbilder im Sport |
Gesa Felicitas Krause (fødd 3. august 1992) er ein tysk friidrettsutøvar frå Ehringshausen i delstaten Hessen som deltek internasjonalt i hinderløp. Ho vart europameister på 3000 meter hinder i 2016 og fekk bronsemedaljen i same øvinga i friidretts-VM 2015.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Krause vann 3000 meter hinder under junior-EM i Tallinn i 2011. Ho fekk delta i VM 2011, der ho vart nummer ni på ny personleg rekord, 9.32,7. Året etter forbetra ho, under Sommar-OL 2012 i London, bestetida si på 3000 m hinder til fyrst 9.24,9 og så 9.23,5 då ho enda på åttandeplassen i leikane. I 2013 vann ho øvinga under U23-EM i finske Tammerfors, og kopierte i Moskva-VM niandeplassen frå verdsmeisterskapen 2011.
Krause heldt fram med å forbetre den personlege rekorden i dei store meisterskapane. I 2015 tok ho med tida 9.19,25 bronsemedaljen i hinderløpet under verdsmeisterskapen i Beijing, eitt hundredels sekund bak sølvvinnaren og 0,14 sekund bak gullvinnaren, Hyvin Jepkemoi frå Kenya. Året etter vann Krause gullmedaljen under friidretts-EM i Amsterdam, med vinnartida 9.18,8 var ho i mål nesten ti sekundar før nummer to i tevlinga.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]
- VM 2011 i Daegu: Nr 9 – 9,32,7
- EM 2012 i Helsinki: Nr 4 – 9.38,2
- OL 2012 i London: Nr 8 – 9.23,5
- VM 2013 i Moskva: Nr 9 – 9,37,1
- VM 2015 i Beijing: Bronsemedalje – 9.19,2
- EM 2016 i Amsterdam: Gullmedalje – 9.18,8, framom Luiza Gega (9.28,5)
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 6 - 9.18,4
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Gesa Felicitas Krause» frå Wikipedia på tysk, den 11. juli 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Gesa Felicitas Krause» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juli 2016.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1992
- Tyske hinderløparar
- Europameistrar i friidrett for Tyskland
- Tyske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012
- Tyske deltakarar under sommar-OL 2016
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016
- Tyske deltakarar under sommar-OL 2020
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020