Getzisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 74°15′S 125°00′W
Getzisen
isbrem
Getz Ice Shelf.jpg
Getzisen
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Marie Byrd Land
 - koordinatar 74°15′S 125°00′W
Administrert under Antarktistraktaten
Getzisen is located in Antarktis
Getzisen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Getz Ice Shelf

Getzisen er ein isbrem i Antarktis. Han er over 480 km lang og frå 30 til 100 km brei. Han ligg på grensa til Hobbs og Bakutis Coat i Marie Byrd Land mellom McDonald Heights og Martin Peninsula. Fleire store øyar ligg delvis eller heilt inne i isbremmen.

Isbremmen vestover frå Siple Island vart oppdaga av United States Antarctic Service (USAS) i desember 1940. Delen austover frå Siple Island vart først skissert frå flyfoto tekne under U.S. Navy Operasjon Highjump i 1946–47. Heile isen vart kartlagt av United States Geological Survey frå flyfoto tekne av U.S. Navy i 1962–65. Han vart namngjeve av USAS (1939–41) etter George F. Getz frå Chicago, som skaffa sjøflya nytta på ekspedisjonen.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Getzisen» (innhald frå Geographic Names Information System).