Geul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Geul
tysk Göhl, fransk Gueule
elv
Geul voulwammes.jpg
Geul der ho renn ut i Maas
Land Flag of Belgium (civil).svg Belgia, Flag of the Netherlands.svg Nederland
Lengd 58 km
Kjelde Sør for Aachen
 - høgd 300 moh.
Munning Maas
Wikimedia Commons: Geul

Geul er ei elv i Belgia og Nederland og ei av sideelvane til Maas frå høgre. Kjelda hennar ligg ved grensa mellom Tyskland og Belgia, sør for Aachen i ei høgd på om lag 300 meter over havet. Etter om lag 20 km renn ho inn i Nederland og etter 58 km munnar ho ut i Maas, nord for byen Maastricht. Ei av sideelvane til Geul er Gulp. Byar langs Geul er Kelmis (Belgia), Valkenburg aan de Geul og Meerssen (Nederland).

Geul i Valkenburg med slottet Halder.

Elva Geul er ei av dei største kjeldene til tilførsel av tungmetall i Maas. Dette kjem av dei tidlegare gruveverksemd etter sink og bly som låg nær dei belgiske byane Kelmis (La Calamine) og Plombières (tidlegare kalla Bleiberg). Den siste gruva vart stengd tidleg på 1900-talet. Ein av årsakene til at gruvene nær Plombières vart lagt ned var at elva stundom førte til flaum i gruvene sidan grunnfjellet hovudsakleg består av porøs kalkstein.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]