Ghada Shouaa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ghada Shouaa
Fødd 10. september 1972
Hama guvernement
Yrke friidrettsutøvar

Ghada Shouaa (fødd 10. september 1973) er ein syrisk tidlegare friidrettsutøvar frå Mhardeh i Hama guvernement som konkurrerte i mangekamp. Under dei olympiske leikene 1996 i Atlanta vann ho Syrias fyrste og einaste olympiske gullmedalje. Ho er også verdsmeister i sjukamp frå Göteborg i 1995.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Shouaa gjennomførte sin fyrste sjukamp i 1991, og vart omgåande teken ut til VM 1991 i Tokyo, der ho ende på sisteplassen av dei som fullførde. Seinare i 1991-sesongen vart ho nummer to i sjukamp i Asia-meisterskapen. Ho OL-debuterte i Barcelona i 1992, der ho med skade kom på 25. plass.

Det store gjennombrotet til Shouaa kom i 1995 då ho vann den prestisjetunge Götzis-tevlinga med 6 715 poeng. Nokre veker seinare steig ho heilt til topps i sjukampen under VM i Göteborg. Shouaa vann med poengsummen 6 651, sølvvinnaren Svetlana Moskalets hadde 6 575 poeng.

I OL-sesongen året etter vann Shouaa atter i Götzis-sjukampen, der ho sette ny asiatisk rekord med 6 942 poeng. Under sommarleikane 1996 i Atlanta sikra ho seg gullmedaljen med stor margin, 6 780 poeng mot sølvmedaljør Natallja Sazanovitsj sine 6 563 poeng. Det er det einaste OL-gullet som har gått til Syria.

Skade øydela sesongane 1997 og 1998. I 1999 gjorde Shouaa comeback i VM 1999 i Sevilla og tok bronsemedaljen med 6 500 p, langt bak Eunice Barber på 6 861 poeng og Denise Lewis med 6 724.

Shouaa la opp etter OL i Sydney 2000.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Shouaa er busett i Tyskland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]