Gills Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gills Bay er ei bukt 5 km vest for John o' Groats i Skottland. Her finn ein eit av dei lengste strekka med lågtliggande klipper på nordsida av Caithness. I bukta ligg ei lita hamn som vert nytta som hovudterminal for Pentland Ferries. I hamna ligg òg nokre småbåtar som vert nytta til å frakte sau til og frå øya Stroma. Stundom er det gode tilhøve for surfing i bukta.

Historisk har Gills Bay-området vore nytta som utgangspunkt for ferjeruter til øyane Stroma og Swona og Orknøyane. Denne ruta vert kalla The Short Sea Crossing og vert generelt rekna som den raskaste og tryggaste vegen over Pentland Firth. I dag opererer Pentland Ferries rute frå bukta til St Margaret's HopeSouth Ronaldsay.

Den første kaien vart bygd her i 1905 og hamna kom noko tid seinare. I 1980-åra vart terminalen her utbygd, men vart raskt nedlagd etter at vêrtilhøva ofte gjorde det umogeleg å legge til kai her. Seint i 1990-åra vart tilhøva utbetra med nye kaianlegg som var betre rusta mot vêret, og ruta starta opp att sommaren 2001.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Ein kan sjå sel her året rundt. Gråselen er mest vanleg, men her finst òg steinkobbe. Stundom kan ein òg året rundt sjå niser, og ein sjeldan gong brugde.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 58°39′N 3°09′W