Giorgio Gomelsky
Giorgio Gomelsky | |||
| |||
Fødd | 28. februar 1934 (90 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Tbilisi | ||
Død | 13. januar 2016 | ||
Dødsstad | New York by | ||
Opphav | Georgia | ||
Aktiv | Midten av 1950-åra til i dag | ||
Tilknytte artistar | The Rolling Stones, The Paramounts, The Yardbirds, Magma, Blossom Toes, Julie Driscoll, Gong, Soft Machine, Material | ||
Plateselskap | Marmalade Records, BYG Records | ||
Verka som | Musikkmanager, plateprodusent |
Giorgio Gomelsky (28. februar 1934–13. januar 2016) var ein georgiskfødd filmskapar, impresario, musikkmanager, låtskrivar (som Oscar Rasputin) og plateprodusent. Han var fødd i Georgia, voks opp i Sveits, og budde seinare i Storbritannia og USA.
Gomelsky var eigaren av Crawdaddy Club i London der The Rolling Stones var husband, og var involvert i styret av bandet i starten. Han leigde inn The Yardbirds som erstattar for Rolling Stones og var manager for dei. Han var òg produsenten deira frå byrjinga til 1966. I 1967 starta han Marmalade Records (distribuert av Polydor), som hadde i stallen Julie Driscoll, Brian Auger and The Trinity, The Blossom Toes, og tidlege innspelingar av Graham Gouldman, Kevin Godley og Lol Creme, som vart 10cc. Selskapet la ned i 1969. Gomelsky var òg viktig i karrierane til The Soft Machine, Daevid Allen og Gong, Magma og Material.
Giorgio Gomelsky busette seg seinare i New York by, der han døydde.
Produksjonsarbeid
[endre | endre wikiteksten]- Dei første demoane til The Soft Machine vart spelt inn av Giorgio.
- Flying Teapot og Angel's Egg (begge 1973) av Gong vart produsert av Giorgio.
- På Aphrodite's Child sitt 666 er han omtalt som «passing by».[1]
- Hypothesis og The Dragon (1971) av Vangelis (uferdig, gjeve ut i 1978)[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Giorgio Gomelsky» frå Wikipedia på engelsk, den 5. september 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Antas and Dennis Lodewijks (6 April 2000). «Giorgio Gomelsky, working with Vangelis». Elsewhere and Odyssey. Henta 9 April 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Giorgio Gomelsky på Allmusic
- Intervju i Eurock - juli 2003.
- Diskografi