The Yardbirds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Yardbirds
Opphav London i England
Sjanger Bluesrock, rhythm and blues, hardrock, psykedelisk rock
Aktive år 1962–1968
1992–til i dag
Plateselskap Columbia, Capitol, Epic
Nettside www.theyardbirds.com
Medlemmer
Chris Dreja
Ben King
Jim McCarty
Tidlegare medlemmer
Sjå detaljert liste under

The Yardbirds er eit engelsk rockebandet som er kjend for å ha starta karrierane til tre av nokre av dei mest kjende gitaristane i rocken: Eric Clapton, Jeff Beck og Jimmy Page. Dei var eit blues-basert, men stilen deira utvikla seg etter kvart til eksperimentell rock. Dei hadde fleire hittar som «For Your Love», «Over, Under, Sideways, Down» og «Heart Full of Soul». Dei var eit særs viktig knutepunkt mellom britisk R&B og psykedelia.

The Yardbirds var pinoerar innan det meste av gitarnyvinningar i 60-åra: fuzz, feedback, forvrenging, baklengs ekko og betre forsterkarar. Dei var dei første som la vekt på komplekse sologitarparti og eksperiment.

Mesteparten av ideane til bandet, samt låtskrivinga, kom frå kvartetten som bestod av vokalist og munnspelar Keith Relf, trommeslagar Jim McCarty, rytmegitarist og bassist Chris Dreja og bassist og produsent Paul Samwell-Smith, som alle var medlåtskrivarar på dei originale hitsinglane i bandet, og som var kjernen i bandet. Det musikalske grunnlaget til bandet la òg grunnlaget for starten til Led Zeppelin, som vart danna av Jimmy Page etter han forlet the Yardbirds i 1968. The Yardbirds vart gjenforeint på 1990-talet, med McCarty, Dreja og nye medlemmer.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Starten[endre | endre wikiteksten]

Bandet starta som the Metropolitan Blues Quartet i 1962–63 i forstadane til London og spelte først som støtteband for Cyril Davies. Dei vart lagt merke til i det blømande britiske bluesmiljøet då dei tok over som husband i Crawdaddy Club i Richmond, etter the Rolling Stones i september 1963.

Med eit repertoar Chicago-blues-artistar som Howlin' Wolf, Muddy Waters, Bo Diddley, Sonny Boy Williamson II og Elmore James starta the Yardbirds gradvis å få sitt eige publikum i London. Dei var uerfarne og ikkje særleg flinke, men tok det att i energi på bluesklassikarar som «Smokestack Lightning», «Got Love If You Want It», «Here 'Tis», «Baby What's Wrong», «Good Morning Little School Girl», «Boom Boom», «I Wish You Would», «Done Somebody Wrong», «Rollin' and Tumblin'» og «I'm a Man».

Den første viktige besetninga oppstod då den opphavlege sologitaristen (Anthony) Top Topham vart bytta ut med den guteaktige kunststudenten Eric Clapton i oktober 1963. Clapton hadde alt utvikla seg kraftig på instrumentet sitt, og soloane hans skilde seg ut får det meste dei andre gitaristane i det britiske bluesmiljøet gjorde. Mellom den slipe gitarspelinga hans og munnspelet til Relf, hadde bandet no to gode musikarar. Crawdaddy Club-impresario Giorgio Gomelsky, som hadde oppdaga the Rolling Stones, men som tenkte at han ikkje hadde kunnskap nok til å verte manageren deira, ville ikkje gå i denne fella på nytt og vart manageren til the Yardbirds, og seinare den første produsenten deira.

Med hjelp av Gomelsky fekk the Yardbirds platekontrakt med EMI sitt Columbia i februar 1964. Uvanleg som det var, vart det første albumet deira eit konsertalbum, Five Live Yardbirds, spelt inn på legendariske Marquee Club i London. Blueslegenda Sonny Boy Williamson II inviterte bandet med på turne i England og Tyskland.

Gjennombrot og avgangen til Clapton[endre | endre wikiteksten]

Kvintetten spelte inn fleire singlar, mellom anna «I Wish You Would» og «Good Morning Little Schoolgirl», men det var den tredje singelen deira, «For Your Love», ein song av Graham Gouldman som ikkje var blues i det heile tatt, som gav dei den høgaste listeplasseringa dei hadde hatt til då i England, og som vart den første hitten deira i USA i 1965. Clapton var på denne tida ein blues-purist, og var rasande over steget bandet tok inn i popverda. Clapton forlet bandet i protest.[1] Han vart så med John Mayall & the Bluesbreakers og spelte seinare i Cream og Blind Faith, før han lanserte ein solokarriere.

Tapet av gitaristen kunne vorte katastrofalt for the Yardbirds, for Clapton hadde alt gjeve dei ein særeigen stil med gitarspelet sitt. Clapton anbefalte Jimmy Page, ein studiogitarist han kjende som erstatninga si, men Page var ikkje sikker på han ville sei opp den lukrative studioavtalen han hadde og var uroa for helsa si. I staden anbefalte han venen Jeff Beck. Beck sin stil og hank for eksperimentering pressa the Yardbirds mot psykedelisk rock. Han heldt den første konserten med the Yardbirds berre to dagar etter Clapton forlet bandet.

I 1965 gav the Yardbirds ut eit par album i USA, sett saman av songar frå den britiske plata For Your Love.

Jeff Beck-perioden[endre | endre wikiteksten]

Med Beck la the Yardbirds ut på den første amerikanske turneen deira i august 1965. Det skulle verte tre amerikanske turnear til medan Beck var i bandet. Ein kort europeisk turne fann stad i april 1966.

I Beck-perioden til Yardbirds skapte dei fleire banebrytande singlar, som «Heart Full of Soul», Bo Diddley sin «I'm a Man» og «Shapes of Things», og viktige album som Yardbirds (betre kjend som Roger the Engineer og først gjeve ut i USA som Over Under Sideways Down).

Beck eksperimenterte med fuzz-effektar, feedback og forvrenging som var med på å revolusjonere britisk rock. I tillegg nytta the Yardbirds både gregoriansk korsong og verdsmusikk i songane sine («Still I'm Sad», «Turn Into Earth», «Hot House of Omagarashid», «Farewell», «Ever Since The World Began») og forskjellige europeiske folkemusikkstilar i lag med deira eigen blues og rock. Dette gav dei eit rykte i den hippe undergrunnen då dei vart mindre kommersielle.

Beck vart stemnd fram som den beste gitaristen i 1966 av det britiske musikkmagasinet Beat Instrumental og arbeidet hans på denne tida påverka musikarar som Jimi Hendrix. Perioden han hadde med the Yardbirds vert av mange sett på som «gullalderen» til bandet.

Beck/Page-utgåva[endre | endre wikiteksten]

I juni 1966, kort tid før innspelinga av albumet Yardbirds (òg kjend som Roger The Engineer), valde Samwell-Smith å forlate gruppa og arbeide som produsent i staden. Jimmy Page vart no henta inn som bassist, fram til rytmegitarist Dreja hadde lært seg å handtere bassgitaren.

The Yardbirds hadde no to sologitaristar i verdsklasse. Døme på kva duoen Beck-Page fekk til var konsertane dei spelte som oppvarming for The Rolling Stones, som av kritikarar vart skildra som «World War Three» og singelen «Happenings Ten Years Time Ago». «Happenings»-singelen hadde både Beck og Page på sologitar, medan John Paul Jones vart henta inn til innspelinga for å spele bass.

Denne utgåva av bandet spelte òg inn «Stroll On», ein halvvill versjon av standardlåten «Train Kept A-Rollin'», som dei spelte inn for Michelangelo Antonioni-filmen Blowup. Relf endra teksten og tittelen kvelden før songen skulle spelast inn, fordi det var ikkje tid å få i stand ein avtale med dei som hadde opphavsretten til songen. «Stroll On» har ein dobbel gitarsolo.

Diverre spelte ikkje Beck-Page-utgåva inn særleg meir i studio, og det finst få konsertopptak. Ein av dei songane dei spelte inn var «Beck's Bolero», eit stykke inspirert av Ravel sin «Bolero», tilskriven Page (Beck hevdar òg å ha skrive songen). Resten av musikarane på denne songen var John Paul Jones på bass, Keith Moon på trommer og Nicky Hopkins på piano. «Beck's Bolero» vart først gjeven ut som B-side til den første solosingelen til Beck, «Hi Ho Silver Lining» og var på det første soloalbumet hans, Truth.

Den siste Yardbirds-perioden[endre | endre wikiteksten]

Den mektige synergien mellom Beck og Page var kortvarig. Beck vart sparka frå bandet etter ein turnepause i Texas seint i oktober 1966 og the Yardbirds heldt fram som ein kvartett resten av karrieren deira.

Page vart den nye sologitaristen, og han var like retta mot eksperimentering som det Beck hadde vore. Særleg vart han kjend for ein teknikk der han nytta ein fiolinboge på gitarstrengane. Han synte seg òg som dyktig på gitarplukking, som ein kan høyre på «White Summer», ein raga- og folkemusikkinspirert instrumental.

Trass i bidraga til Page vart the Yardbirds raskt mindre populære. Singelen «Happenings Ten Years Time Ago» hadde berre nådd 30. plass i USa og gjorde det enno verre i Storbritannia. At dei ikkje ønskte å lage hitsinglar gjorde at plateselskapet pressa hitprodusenten Mickie Most på dei, som fekk dei til å spele inn andre sine songar som ikkje passa stilen deira. Den første singelen med Most, «Little Games» gjorde det så dårleg i Storbritannia at EMI ikkje gav ut ei anna Yardbirds-plate der før etter bandet braut opp. Ei utgåve av Manfred Mann sin «Ha Ha Said The Clown», der berre Relf av medlemmene faktisk spelte, vart den siste singelen til Yardbirs som nådde Topp 50 i USA, sommaren 1967. Det siste albumet deira, Little Games, gjeven ut i Amerika i juli, vart ein flopp.

The Yardbirds brukte det meste av resten av året på å turnere i statane med den nye manageren Peter Grant og levde ei while living a schizofrent popliv. Medan platene deira vart stadig venlegare, vart konsertane deira stadig tyngre og meir eksperimentelle. Dei spelte sjeldan singlane sine frå 1967 på konsertane, og spelte heller ei blanding av hittar frå Beck-perioden og bluesstandarar, i tillegg til andre sine songar, som Velvet Underground og visesongaren Jake Holmes. Holmes sin «Dazed and Confused», med ny tekst av Relf og tung blues av Page, McCarty og Dreja, var eit fast innslag på konsertane til Yardbirds og vart så suksessrik at Page valde å ta songen med vidare til Led Zeppelin.

I 1968 var studiomaterialet og konsertmaterialet deira to forskjellige verder. I tillegg starta bandmedlemmene å gli frå kvarandre både personleg og kunstnarisk. Keith Relf og Jim McCarty nytta stadig marihuana og LSD på denne tida, og ønskte å utforske andre former for rock. Jimmy Page, som ikkje nytta narkotika, ønskte å ta bluesrocken til meir intense former og djupner, som Led Zeppelin seinare skulle verte kjend for. Chris Dreja, som framleis følte lojalitet for dei gamle venene sine, men som ikkje likte narkotikamisbruket deira, hadde same musikalske ønske som Page. I mars 1968 valde Relf og McCarty å forlate bandet, men dei to andre overtalte dei til å bli med på ein siste turne til Amerika.

Den siste singelen til The Yardbirds, spelt inn i januar og gjeven ut to månader seinare, viste desse forskjellige musikksmakane. A-sida, «Goodnight Sweet Josephine», var i same lei som dei tidlegare Mickie Most-produserte singlane frå året før, og låg nærare topp til stilen Relf og McCarty ønskte bandet skulle halde seg til. B-sida, «Think About It», hadde eit proto-Zeppelin riff av Page og delar av gitarsoloen til «Dazed and Confused» i solopartiet.

Ein konsert og nokre albumspor vart spelte inn i New York City i mars, mellom anna songen «Knowing That I'm Losing You», ei tidleg utgåve av det som vart songen «Tangerine» for Led Zeppelin.[2] Ingen av songane vart offisielt gjeve ut.

7. juli 1968 heldt the Yardbirds den siste konserten sin ved Luton Technical College i Bedfordshire i England[3].

The new Yardbirds og utviklinga til Led Zeppelin[endre | endre wikiteksten]

Relf og McCarty forlet bandet og Jimmy Page og Chris Dreja ønskte å halde fram. Dei hadde avtale om ein konsertturne i Skandinavia på hausten og måtte få inn nye folk. B.J. Wilson frå Procol Harum, Paul Francis og studiomusikaren Clem Cattini vart påtenkt som nye bandmedlemmer. Den unge vokalisten og komponisten Terry Reid vart spurt om han ville overta for Relf, men han avslo på grunn av ein ny platekontrakt med Most. Han kunne derimot anbefale ein ung, ukjend songar frå Birmingham, Robert Plant.[4][5] Plant anbefalte så barndomsvenen John Bonham på trommer.[6] Dreja trekte seg ut av bandet for å starte opp som rockefotograf, og bassisten John Paul Jones, som hadde arbeidd med Page fleire gongar, kom inn i bandet.[7]

Øvingane starta i august, og tidleg i september la dei ut på turne. Tilhengjarane vart noko forvirra av den nye bestninga, og forventa å sjå Relf som vokalist, men bandet fann raskt ut at her vart det noko som stemte. Etter in kort turne i England starta Page og dei nye bandmedlemmene hans innspelinga av debutalbumet til Led Zeppelin, som no framleis vart kalla Yardbirds, eller The Yardbirds Featuring Jimmy Page så seint som oktober 1968. Nokre av dei tidlege studioopptaka med bandet for Led Zeppelin vart opphavleg merka som «The Yardbirds».

Bandet hadde no ein heilt annan identitet og då Dreja påpeikte at han framleis hadde opphavsretten til Yardbirds-namnet, måtte dei finne eit nytt namn. Led Zeppelin hadde vore ein intern spøk i bandet sidan 1966. Namnet oppstod då Keith Moon frå The Who skildra ei supergruppe som bestod av han sjølv, John Entwistle, Steve Marriott, Beck og Page. Moon meinte dette bandet ville falle over som ein «bly-ballong» (lead balloon), kor på Entwistle svarte eller «a lead Zeppelin».[8]

Etter the Yardbirds[endre | endre wikiteksten]

Vokalist Keith Relf og trommeslagar Jim McCarty danna ei akustisk gruppe kalla Together og med hjelp frå Paul Samwell-Smith, som hadde oppnådd suksess som produsent for Cat Stevens i 1970, starta dei progrockbandet Renaissance.

Jim McCarty danna i 1973 bandet Shoot, som spelte fleire gonger på BBC. Keith Relf starta i 1975 bandet Armageddon og i 1977 bandet Illusion.

I 1980-åra gjekk Jim McCarty, Chris Dreja og Paul Samwell-Smith saman og danna ein slags foreining av Yardbirds kalla Box of Frogs. Her var både Jeff Beck og Jimmy Page stundom med.

The Yardbirds vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1992. Nesten alle dei opphavlege medlemmene som framleis var i live, inkludert Jeff Beck og Jimmy Page, var med på seremonien. Denne var den første av tre slike hendingar for Eric Clapton, som ikkje kunne delta sidan han arbeidde med «Unplugged»-prosjektet sitt for MTV.

Gjenforeining[endre | endre wikiteksten]

Jim McCarty og Chris Dreja gjenforeinte the Yardbirds i 1990-åra, med John Idan på bass og vokal og har turnert jamt og trutt sidan då. I 2003 kom eit nytt album, Birdland med Chris Dreja, Jim McCarty og dei nye medlemmene Gypie Mayo (sologitar), John Idan (bass) og Alan Glen (munnspel), og gjesteartistane Joe Satriani, Steve Vai, Slash, Brian May, Steve Lukather, Jeff «Skunk» Baxter, John Rzeznik, Martin Ditchum og Simon McCarty. Jeff Beck kom òg saman med dei tidlegare bandkameratane sine på songen «My Blind Life», samt den første gitaristen i bandet, Top Topham.

Etter Birdland har Gypie Mayo i korte periodar vorte erstatta av Jerry Donahue.

Medlemmer[endre | endre wikiteksten]

The Yardbirds besetningar (1963-1968)
Original besetning
(Juni 1963 - oktober 1963)
Clapton erstattar Topham
(oktober 1963 - februar 1965)
Beck erstattar Clapton
(mars 1965 - juni 1966)
  • Keith Relf - solovokal, munnspel
  • Jeff Beck - sologitar, vokal
  • Chris Dreja - rytmegitar
  • Paul Samwell-Smith - bass, korvokal
  • Jim McCarty - trommer, korvokal, perkusjon
Page erstattar Samwell-Smith
(juni 1966 - september 1966)
  • Keith Relf - solovokal, munnspel
  • Jeff Beck - sologitar
  • Chris Dreja - rytmegitar
  • Jimmy Page - bass, gitar
  • Jim McCarty - trommer, korvokal
Page byter med Dreja
(september 1966 - oktober 1966)
  • Keith Relf - solovokal, munnspel
  • Jeff Beck - gitar
  • Jimmy Page - gitar
  • Chris Dreja - bass
  • Jim McCarty - trommer, korvokal
Beck får sparken
(november 1966 - juli 1968)
  • Keith Relf - solovokal, munnspel
  • Jimmy Page - gitar
  • Chris Dreja - bass
  • Jim McCarty - trommer, korvokal, perkusjon
New Yardbirds
(september 1968 - oktober 1968)
  • Jimmy Page - gitar
  • Robert Plant - solovokal
  • John Paul Jones - bass
  • John Bonham - trommer
Yardbirds vert Led Zeppelin
(oktober 1968)
Gjenforeinte Yardbirds (1992-til i dag)
Gjenforeining
(1992)
  • Chris Dreja - gitar
  • Rod Demick - bass, munnspel
  • Jim McCarty - trommer, vokal
Idan kjem inn
(1992 - 1993)
  • John Idan - sologitar, solovokal
  • Chris Dreja - rytmegitar, korvokal
  • Rod Demick - bass, munnspel, korvokal
  • Jim McCarty - trommer, korvokal
Idan erstattar Demick, Garman og Majors kjem inn
(1994 - 1995)
  • Ray Majors - sologitar, korvokal
  • Chris Dreja - rytmegitar, korvokal
  • John Idan - bass, solovokal
  • Laurie Garman - munnspel
  • Jim McCarty - trommer, korvokal
Mayo erstattar Majors
(1995 - 1996)
  • Gypie Mayo - sologitar, korvokal
  • Chris Dreja - rytmegitar, korvokal
  • John Idan - bass, solovokal
  • Laurie Garman - munnspel
  • Jim McCarty - trommer, korvokal
Glen erstattar Garman
(1996 - 2003)
  • Gypie Mayo - sologitar, korvokal
  • Chris Dreja - rytmegitar, korvokal
  • John Idan - bass, solovokal
  • Alan Glen - munnspel, perkusjon
  • Jim McCarty - trommer, korvokal
Miskimmin erstattar Glen
(2003 - 2004)
  • Gypie Mayo - sologitar, korvokal
  • Chris Dreja - rytmegitar, korvokal
  • John Idan - bass, solovokal
  • Billy Boy Miskimmin - munnspel, perkusjon
  • Jim McCarty - trommer, korvokal
Donahue erstattar Mayo
(2004 - 2005)
  • Jerry Donahue - sologitar
  • Chris Dreja - rytmegitar, korvokal
  • John Idan - bass, solovokal
  • Billy Boy Miskimmin - munnspel, perkusjon
  • Jim McCarty - trommer, korvokal
King erstattar Donahue
(2005 - 2008)
  • Ben King - sologitar
  • Chris Dreja - rytmegitar, korvokal
  • John Idan - bass, solovokal
  • Billy Boy Miskimmin - munnspel, perkusjon
  • Jim McCarty - trommer, korvokal
Glen kjem tilbake
(2008)
  • Ben King - sologitar
  • Chris Dreja - rytmegitar, korvokal
  • John Idan - bass, solovokal
  • Alan Glen - munnspel, perkusjon
  • Jim McCarty - trommer, korvokal
Idan og Glen sluttar
(2008 - til i dag)
  • Ben King - sologitar
  • Chris Dreja - rytmegitar, korvokal
  • Jim McCarty - trommer, korvokal

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1964 – Five Live Yardbirds (konsert)
  • 1965 – Having a Rave Up
  • 1965 – For Your Love
  • 1966 – Roger the Engineer
  • 1966 – Over Under Sideways Down
  • 1966 – The Yardbirds
  • 1967 – Blow-Up
  • 1967 – Little Games
  • 1971 – Live Yardbirds! Featuring Jimmy Page (konsert)
  • 2003 – Live! Blueswailing July '64 (konsert)
  • 2000 – Birdland
  • 2006 – Reunion Jam, Vol. II (konsert)
  • 2007 – Live at B.B. King's Blues Club (konsert)

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Schumacher, Michael (2003). Crossroads: The Life and Music of Eric Clapton, s. 44-45. Citadel Press. ISBN 0-8065-2466-9.
  2. Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
  3. Buckley, Peter (ed.) (2003). The Rough Guide to Rock, s. 1198. ISBN 1-84353-105-4.
  4. Billboard. «Led Zeppelin Biography». Arkivert frå originalen den 2012-07-28. https://archive.is/unPL. 
  5. Dave Schulps, Intervju med Jimmy Page, Trouser Press, Oktober 1977.
  6. Digital Graffiti. «Led Zeppelin FAQ». http://home.mchsi.com/~night_flight/led_zeppelin_faq.htm. 
  7. Dominick A. Miserandino, Led Zeppelin - John Paul Jones, TheCelebrityCafe.com.
  8. Keith Shadwick (2005). Led Zeppelin The Story of and Band og their Music 1968-1980. ss. 36, ISBN 100879308710. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: The Yardbirds