Flying Teapot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flying Teapot
Studioalbum av Gong
Språk engelsk
Utgjeve 25. mai 1973
Innspelt Januar 1973
Studio The Manor Studios i Oxford
Sjanger
Lengd 39:45
Selskap Virgin
Produsent Giorgio Gomelsky
Gong-kronologi 
Continental Circus
(1972)
Flying Teapot Angel's Egg
(1973)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]

Flying Teapot er det tredje studioalbumet til den progressive rockegruppa Gong, gjeve ut på Virgin Records i mai 1973. Det var den andre utgjevinga til Virgin (V2002) og kom ut same dagen som den første utgjevinga deira, Mike Oldfield sitt Tubular Bells (V2001). Det kom ut på ny seinare på året med eit anna plateomslag på BYG Actuel i Frankrike og Japan. Albumet vart spelt inn i Virgin sitt Manor Studios i Oxfordshire i England, og vart produsert av Giorgio Gomelsky.

Albumet har undertittelen Radio Gnome Invisible, Part 1, og er den første i trilogien Radio Gnome Invisible, i lag med Angel's Egg i desember og You i oktober året etter. Denne trilogien dannar ein sentral del i Gong-mytologien. The Flying Teapot-ideen i seg sjølv var inspirert av Russells tekanne.[2] Det var det første Gong-albumet med den engelske gitaristen Steve Hillage, sjølv om han medverka relativt lite då han kom inn seint i innspelingsprosesssen. I følgje Daevid Allen «kom Steve Hillage seint, men det var ikkje mykje rom att. Han spelte noko rytmisk wah wah, nokre jazza akkordar og ein space-aktig solo på 'Flying Teapot'.»[3]

I spesialutgåva til magasina Q & Mojo kalla Pink Floyd & The Story of Prog Rock, er albumet på 35. plassen på lista over «40 Cosmic Rock Albums».[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Radio Gnome Invisible»Daevid Allen5:32
2.«Flying Teapot»Allen, Francis Moze12:30
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
3.«The Pot Head Pixies»Allen3:00
4.«The Octave Doctors and the Crystal Machine»Tim Blake2:00
5.«Zero the Hero and the Witch's Spell»Allen, Blake, Christian Tritsch9:45
6.«Witch's Song / I Am Your Pussy»Gilli Smyth, Allen5:10
Total lengd:39:45

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Den originale lista over medverkande var som følgjer:

  • Pon voicebox – Dingo Virgin & Hi T Moonweed the favourite
  • Orgonskap & kviskring frå verdsrommet – the Good Witch Yoni
  • VCS3box Cynthia size A & krystallmaskin – Hi T Moonweed the favourite
  • Split sax i.e. tenna & soprasox & so flooth – The Good Count Bloomdido Bad De Grasse
  • Gitbox – Stevie Hillside (spermguitar & slow whale), The Submarine Captain (sidereal slideguitar & Dogfoot), Dingo Virgin & others (aluminium croonguitar & stumblestrum)
  • VCS3 fertilised elect piano & left bank uptightright pno & Shakesperian meat bass – Francis Bacon
  • Drumbox kicks and knocks – Lawrence the alien
  • Congox – Rachid Whoarewe the Treeclimber
  • Road crew & trux – Venux De Luxe (switch doctor), Wiz De Kid (lights) & Duke

I røynda var dei medverkande:

Alle CD-utgåver har ein forkorta versjon av sporet «Flying Teapot», som vart korta ned frå 12:30 til 11:52 og ein forkorta versjon av «The Octave Doctors And The Crystal Machine» som vart korta ned frå 2:00 to 1:51, i tillegg til «Zero The Hero and the Witches Spell» som vart korta ned frå 9:45 til 9:38. Dette har skapt mykje kontrovers og vore skuffande for fans av det originale albumet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Allmusic-melding
  2. Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, s.5.
  3. Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, p.188.
  4. Q Classic: Pink Floyd & The Story of Prog Rock, 2005.