The Dragon av Vangelis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Dragon
Studioalbum av Vangelis
Utgjeve 1978
Innspelt Juni 1971, Marquee Studios i London
Sjanger Progressiv rock
Selskap Affinity
Produsent Giorgio Gomelsky
Vangelis-kronologi 
Hypothesis
(1978)
The Dragon China
(1979)


The Dragon er eit album frå 1978 av den greske musikaren Vangelis, innspelt i 1971.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter at Aphrodite's Child vart oppløyst, ønskte Vangelis å flytte til London. Produsenten Giorgio Gomelsky introduserte han for nokre musikarar og sette opp eit samarbeidsprosjekt, som vart betalt av det franske frijazz-selskapet BYG Actuel med føremålet om å gje ut eit album.[1] Somme år seinare tok Charly Records over katalogen til det konkursråka BYG records og gav ut platene som eit album i 1978 utan at artistane som spelte på det var informert eller fekk godkjenne det. Plateomslaget var laga av Terry Oakes. I Tyskland vart Hypothesis og The Dragon gjeve ut i lag som eit dobbeltalbum kalla Portrait. Vangelis saksøkte selskapet for å få begge albuma trekt frå marknaden. I 2009 vart to spor på albumet gjeve ut på arkiv-plateselskapet Finders Keepers i lag med eit anna sjeldent Gomelsky-produsert Vangelis-prosjekt kalla 'Alpha Beta', på ein avgrensa vinyl-EP.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Utanom Vangelis, bestod musikarane av den langvarige samarbeidspartnaraen til Vangelis, Arghiris (gitar), og Michel Ripoche (fiolin), Brian Odgers (bass), Micky Waller (trommer). Innspelingane gjekk føre seg i Marquee Studios i London av Giorgio Gomelsky. I følgje Gomelsky, 'Ideen var å finne ein «groove» som kunne føre til lange, (sufi)transeliknande, men utviklande rytmemønster med mykje improvisasjon over'.[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«The Dragon»15:18
Side to
Nr.TittelLengd
2.«Stuffed Aubergine»11:17
3.«Stuffed Tomato»9:32

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2.5/5 stars[3]

Steven McDonald frå Allmusic skreiv at sjølv om albumet hovudsakleg vart gjeven ut får utnytte populariteten til Vangelis, inneheld det element av både Aphrodite's Child og det komande soloarbeidet til Vangelis.[3] Andre meldingar har vore meir blanda, men det har fått stadig gode tilbakemeldingar på nettstaden Prog Archives.[4][5][6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Giorgio Gomelsky, working with Vangelis"
  2. ibid
  3. 3,0 3,1 McDonald, Steven. «Dragon». Allmusic. Henta 5. september 2014. 
  4. Melding på Prog Archives Henta 5. september 2014
  5. Melding på Prog Archives Henta 5. september 2014
  6. Melding på Prog Archives Henta 5. september 2014