Giske kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°29′54″N 6°3′1″E

Giske kyrkje
kyrkje
Giske kyrkje.jpg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Nordre Sunnmøre
Sokn Giske
Fellesråd Giske
Type langkyrkje
Teknikk mur
Material marmor
Innvigd ca 1170
 - Vigd til Maria møy,
Evangelisten Johannes
og konfessor Nicolas
 - Endringar 1756, 1860, 1930
Kyrkjegard ved kyrkja
Wikimedia Commons: Giske kirke

Giske kyrkje er ei marmorkyrkje frå 1100-talet. Ho står sør på øya Giske i Giske kommune i Møre og Romsdal.

Kyrkja er bygd i kvit marmor, utan at ein kan seie kvar denne kjem frå. Han kan like godt vere italiensk som norsk. Arkitekturstilen er romansk. Kyrkja var opphavleg eit familiekapell, truleg for Giskeætta, og bestod berre av skipet og koret. Våpenhuset er vart sett ved restaureringa i 1756. Kyrkjemurane er i dag kalka utvendig og gipsa innvendig, og ein kan berre sjå marmoren på nokre få stader på utsida.

Giske kyrkje i 1927.

Bygget forfall etter reformasjonen og den skal ha stått årevis utan tak fordi ingen ville ta på seg reparasjonen og fordi den som gardskyrkje ikkje hadde inntekter.[1] Interiøret er heller ikkje opphavleg, men kom til under eit storstilt renoveringsarbeid midt på 1700-talet, initiert av Hans Strøm og gjennomført av eigaren Hans Henrik Holtermann i 1756.[2] Det er den lokale treskjeraren Jacob Sørensen Giskegaard (1734-1827) som har utforma og måla det aller meste av interiøret.

Ved restaureringa i 1756 vart lagt nytt tak og det vart laga ein gravkjellar under golvet, desse gravplassane vart nytta av kjende familiar i distriktet. Etter reparasjonen forfatta Hans Strøm latinsk tekst til eit epitafium:[3]

«Kirken har fædrenes tro opført med kostelig omhu.
Se, hvilke stene, og se, muren er jo av marmor.
Sig hvor findes et hus, som eier mer straalende stene.
Giskes hæder er du, prydet med alderesn smykke.
Længe du sørgende laa, ti gudsordet lød ei inden den faldende mur.
Med suk du kjæmpet mot skjæbnen.
Sikkert var gudshuset faldt, glemt som det var alverden, hadde ei Holtermann faat, den gjæve eier og værge, reist dig til fordums magt.
Og kongen har arbeidet bifaldt.
Nu, o kirke, vil du, frelst kunne synge Guds pris.»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tennø, Karl og Knut Ekroll (1914): Litt om Giske kapel. Tidsskrift for Sunnmøre Historielag, 6te årgang, Aalesund, 1914.
  2. Giske kyrkje på kyrkjebyggdatabasen lese på nett 2.mars 2013.
  3. Tennø, Karl og Knut Ekroll (1914): Litt om Giske kapel. Tidsskrift for Sunnmøre Historielag, 6te årgang, Aalesund, 1914.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]