Gissur svarte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Gissur svarte (norrønt: Gizurr svarti), òg kalla Gullbråskald (gullbrárskáld), eller berre Gullbrå, var ein Islandsk skald som levde på byrjinga av 1000-talet.

Om livet hans[endre | endre wikiteksten]

Tilnamnet «svarte» tyder truleg på at han hadde svart hår, medan tilnamnet «gullbråskald» kan han ha fått fordi han gjorde dikt til ei kvinne som vart kalla «gullbrå», det vil seie at ho hadde gylne augehår eller augebryn.

I Skaldatal[1] er han ført opp som skald hos både Olof Skötkonung og Olav den heilage, og han skal ha vore fosterfar til skalden Hovgarda-Rev.

Etter Flatøyboka skal han ha reist saman med kong Olav den Heilage i eksil til Gardarike i 1029 og i Soga om Olav den Heilage[2] (kap. 227) blir det fortalt at han var med kong Olav i slaget ved Stiklestad i 1030, der han fall.

Gissur fekk eit vakkert ettermæle i arvekvadet «Dikt om Gissur Gullbråskald»[3] av fostersonen Hovgarda-Rev.

Skaldskap[endre | endre wikiteksten]

Desse dikta av Gissur Svarte er kjende i dag:

  • Lausevise av Gissur Svarte[4]
  • Fragment av Gissur Svarte[5]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource
  2. Soga om Olav den heilage
  3. Dikt om Gissur Gullbråskald av Hovgarda-Røv (Skaldic Project)
  4. Lausevise ved Skaldic Project
  5. Fragment ved Skaldic Project

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]