Gjevingåsen tunnel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over tunnelen

Gjevingåsen tunnel er ein jarnbanetunnel under bygging mellom Hommelvik og Hell stasjonar på Meråkerbanen. Tunnelen er viktig få å ned reisetida og kapasiteten mellom Nord-Trøndelag og Trondheim. Ein reknar med å spare opptil fem minutt. Samstundes vil dagens strekning som er ein flaskehals bli erstatta og kapasiteten vil auke frå 5,4 til 8 tog pr time. Ein annan positiv konsekvens er at dagens rasutsette og vedlikehaldskrevjande strekning kan bli lagt ned.

Prosjektet[endre | endre wikiteksten]

Tunnelen er 4400 meter lang med enkeltspor og totalt blir det lagt 5700 meter nytt spor som følgje av nybygginga. Kostnadsramma er 635 millionar kroner og anlegget vil stå ferdig hausten 2011. Gjennomslaget i tunnelen kom 12. august 2010. Tunnelen vil bli klargjort for framtidig elektrifisering av strekningane mellom Trondheim - Steinkjer og Trondheim - Storlien. Som følgje av drivinga av tunnelen er det tatt ut 400 000 kubikkmeter masse som blir nytta av Avinor i samband med utvidinga av Trondheim lufthamn, Værnes.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]