Glanspapir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Juletrekorger kan lagast av glanspapir.

Glanspapir er papir der den eine sida er matt og ufarga, og den andre sida er glansa og farga.[1] Den farga sida er normalt i sterke fargar, der dei vanlegaste er raud, gul, grøn og blå og dessutan gull- og sølvfarga. Glanspapir i kvitt og svart finst òg.

Glanspapir blir brukt til fletting av juletrekorger og til å laga juletrelenkjer, og kan i tillegg brukast til origami.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Glanspapir» i Det Norske Akademis ordbok