Juletrekorg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Julekorg laga av Munch-barna i 1877 eller seinare.

Juletrekorg er ei lita korg som er fletta av farga, oppstrimla glanspapir og kan hengjast på eit juletre som pynt. Ein kan òg fylla juletrekorgene med goderti, bakverk, tørka frukt eller nøtter.[1] Skikken med å pynta treet med juletrekorger er særleg utbreidd i Danmark og Noreg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kopi av julehjartet laga av H.C. Andersen.

Den eldste julekorga ein kjenner til blei bretta av den danske eventyrforfattaren Hans Christian Andersen i 1860.[2] Dette julehjartet hadde ikkje hank, og blei derfor ikkje hengt på juletreet.[3] Dette hjartet er no ved H.C. Andersens Hus i Odense.

Den eldste rettleiinga i korleis ein kunne fletta 2-strimla korger stod i Nordisk Husflidstidende i 1871, og den eldste bevarte juletrekorga på Nationalmuseet er frå 1873.[4] Norsk Folkemuseum har ei samling juletrekorger laga av Sofie, Andreas og Edvard Munch frå 1877 og seinare.[5] Korgene blei brukte på herregardar og prestegardar, som brukte dei til å ha almisser til barn og fattige i. Derfrå spreidde skikken seg til andre heimar, og blei særleg populært under andre verdskrigen.

Juletrekorger med kompliserte mønster.
Heimelaga korger og lenkjar av farga papir er vanleg pynt på juletre i Skandinavia.

Frå rundt 1910 var barnehagar med på å spreia skikken med å laga juletrekorger. Fletting av oppklippa glanspapir hadde vore del av den banebrytande småbarnspedagogikken til Friedrich Fröbel for å styrka barna sine kreative evne, tolmod, finmotorikk og sjølvdisiplin. Glanspapiret kunne foldast, klippast og setjast saman til hjarte og kremmarhus. Det er også blitt vanleg å laga slike korger på skular og juleverkstadar.[1]

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Dei enklaste korgene blir laga ved å bretta og klippa til to stykke glanspapir med ulik farge. Ein kan klippa ut to sirklar som ein brettar på midten og limar saman i ein ende og får ei enkel hjarteforma korg. Papirstykke ein skal fletta til korger har U-form. Den enklaste fletta korga lagar ein ved å klippa strimlar i kvart stykke og så fletta dei saman. Dette gjev eit einsarta rutemønster som varierer etter kor mange strimlar ein klipper. Ved å variera breidda på strimlane og korleis dei blir fletta saman kan ein lage forseggjorte mønster og bilete, som hjarte, bjøller eller ein tekst. Dei kan til dømes vera skrå, boga, mønstra eller anna. Det er gjeve ut fleire bøker med mønster og inspirasjon for juletrekorger, til dømes Julehjerter av Jes Lottrup Knudsen 1975 og Flettede julehjerter av Francis Jordt frå 2002.

Symbolikk[endre | endre wikiteksten]

Den utbreidde bruken av fargane raudt og kvitt kan tolkast som å visa til dei danske nasjonalfargane frå Dannebrog, som blei vanlege å pynta med i dansk kultur etter den dansk-tyske krigen i 1864.[6] Dei kan også visa til det blødande kristushjartet.[7] Symbolikken til korgene ligg både i hjarteforma og korgforma, som kan knyttast til dei tolv korgene med mat som var til overs etter brødunderet omtalt i Det nye testamentet.[8]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Juletrekurv». norsk-jul.no. Arkivert frå originalen 14. februar 2008. 
  2. Juletræet med sin pynt | Odense Bys Museer, arkivert frå originalen 8. desember 2015, henta 15. november 2020 
  3. «Hjerter og glaskugler til jul». historie-online.dk. Henta 4. desember 2019. 
  4. «De flettede hjerters fest». jyllands-posten.dk. 16. november 2002. Henta 2. desember 2019. 
  5. «Juletrepynt, juletrekurv», digitaltmuseum.no, henta 15. november 2020 
  6. Dannebrogsflag på juletræet | Julehistorier (på dansk), dengamleby.dk, henta 27. november 2020 
  7. «Det flettede julehjerte er en dansk juletradition», Bibelselskabet.dk (på dansk), henta 26. november 2020 
  8. Arne Guttormsen: «For den skal skinne og den skal minne - juletreets symbolikk», i juleheftet Hellig Jul, s. 33ff, Vårt Land forlag, Oslo 2016.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]