Glattsil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Glattsil
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Orden: Piggfinnefiskar Perciformes
Underorden: Trachinoidei
Familie: Silfamilien Ammodytidae
Slekt: Gymnammodytes
Art: Glattsil G. semisquamatus
Vitskapleg namn
Gymnammodytes semisquamatus

Glattsil (Gymnammodytes semisquamatus) er ein lang, smal fiskeart i silfamilien som finst i Aust-Atlanteren.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Glattsil er ein lang, smal fisk utan skjel på framkroppen og med tannlause kjever med tydeleg underbitt. Han har ingen bukfinnar, ryggfinnen er lang, og både denne og analfinnen har bølgete kantar. Sidelinja er ikkje rett, men har små, korte utskot.[1] Fisken blir normalt ikkje mykje meir enn 15 cm lang, men han kan bli opptil 30 cm.[2]

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Arten lever på djupner mellom 25 og 250 m over skalgrusbotn.[3] Føda består av plankton.[2]

Forplanting[endre | endre wikiteksten]

Gytetida varierer; i Nordsjøen finn ho stad om våren og hausten. Hoene kan på det meste legga 30 000 klebrige egg som festnar seg på botnen. Larvene er derimot pelagiske.[4]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Glattsil finst aust i Atlanterhavet frå Sør-Noreg, Skagerrak, Dei britiske øyane (inklusive Shetlandsøyane[2]) via Nordsjøen til Portugal.[5]

Kommersiell bruk[endre | endre wikiteksten]

Glattsil blir som andre artar i silfamilien fiska som industrifisk.[6] Han blir også brukt som agn.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Muus, Bent J; Nielsen, Jørgen G; Svedberg, Ulf: Havsfisk och fiske i Nordvästeuropa, Prisma, Stockholm 1999, s. 213, 216. ISBN 91-518-3505-3. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Luna, Susan M. (20. april 2010). «Gymnammodytes semisquamatus (Jourdain, 1879) Smooth sandeel» (på engelsk). Fishbase. Henta 17. august 2010. 
  3. Nielsen, Lars; Svedberg, Ulf: Våra fiskar, Prisma, Stockholm 2006, s. 196, 198. ISBN 91-518-4572-5. 
  4. Nielsen, Lars; Svedberg, Ulf: Våra fiskar, Prisma, Stockholm 2006, s. 196, 198. ISBN 91-518-4572-5. 
  5. Nielsen, Lars; Svedberg, Ulf: Våra fiskar, Prisma, Stockholm 2006, s. 196, 198. ISBN 91-518-4572-5. 
  6. Muus, Bent J; Nielsen, Jørgen G; Svedberg, Ulf: Havsfisk och fiske i Nordvästeuropa, Prisma, Stockholm 1999, s. 213, 216. ISBN 91-518-3505-3. 
  7. Nielsen, Lars; Svedberg, Ulf: Våra fiskar, Prisma, Stockholm 2006, s. 196, 198. ISBN 91-518-4572-5.