Brunrotte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brunrotte

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Brunrotte
Brunrotte
(Rattus norvegicus)

Systematikk
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Mammalia
Orden: Rodentia
Familie: Muridae
Slekt: Rattus
Vitskapleg namn
Rattus norvegicus
Brunrotte
Namn på andre språk
Svensk Brunråtta
Dansk Brun rotte, vandrerotte
Engelsk Brown rat, common rat, sewer rat, Hanover rat, Norway rat, Brown Norway rat, Norwegian rat, wharf rat
Tysk Wanderratte
Fransk Rat brun, Rrt surmulot, surmulot
Spansk Rata parda, rata de alcantarilla, rata gris, rata marrón
Russisk Seraja krysa (Серая крыса), pasiuk (пасюк)

Brunrotte (Rattus norvegicus) er truleg den arten dei fleste tenkjer på som ei typisk rotte. Ho høyrer til musefamilien, men kan bli 29 cm lang.

Brunrotte formerer seg raskt. Hoa går drektig i berre 21 dagar og får 8-15 ungar i kvart kull. Ungane vert kjønsmodne etter eit par månader. Kvar horotte får fire til sju kull per år. Ei rotte lever typisk i om lag eitt år, men dette kan variera mykje med tilhøva.

Arten stammar frå tempererte delar av Asia, men kom til Europa alt i mellomalderen, til Noreg kring 1750.

Namnet norvegicus fekk arten av di det individet som vart brukt til den første vitskaplege skildringa av han, hadde kome til London med eit norsk skip.

Viss ho kan, trekkjer brunrotta innomhus når hausten og vinteren kjem. Rotter kan "invadera" bygningar, også bustadhus. I tillegg til skadene dei påfører bygningar og innbo, fører rotter ofte med seg svært vond lukt. Dei kjem seg som regel inn gjennom kloakksystemet, og kan vera svært vanskeleg å bli kvitt.