Golden Gate Park
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Golden Gate Park er den største byparken i San Francisco i California i USA. Med dei 4,1 km² (parken er 5 km lang og 800 meter brei) er den større enn Central Park i New York. Parken vart planlagd av Frederick Law Olmsted og hans assistent John McLaren i 1860-åra på land som da vart vurdert som ueigna for busetnad, og anlagt i 1870-åra under William Hammond Halls leiing. Parken har ikkje berre stort landareal med planter og trær, men òg mange bygningar. Jordskjelvet i San Francisco i 1906 gjorde liten skade.
Det inngjekk betydeleg landskapsarkitektur i parken, som kunstige vannløp, ein foss og innsjøar, slik at det vart til eit avvekslende og troverdig naturleg anlegg. I 1875 vart det planta 60 000 tre i parken (for det meiste eukalyptus, montereyfuru og montereysypress) for å stabilisera terrenget. Seinare er ytterlegare omtrent like mange tre tilkome. To vindmøller av hollandsk inspirasjon kom på plass i 1903 heilt vest i parken, for å pumpa vatn opp i parken.
Parken inneheld fleire av San Franciscos severdigheiter, blant anna De Young-museet, California Academy of Science og Conservatory of Flowers. Her er òg USAs eldste japanske tehage, Japanese Tea Garden. Makato Hagiwara, ein japansk anleggsgartner, som i 1895 anla og forvalta så tehagen med dens bonsaitrær, dens tehus og alt det øvrige fram til 1942, reknast som utviklaren av dei såkalla Fortune cookies. Anlegget har den såkalte Drum Bridge og seinare kom ei pagode og zen-hage til.
Ei rekkje statuar av historiske skikkelsar er spreidd rundt om i parken, av Francis Scott Key, Robert Emmet, Robert Burns, dobbelmonumentet til Johann Goethe og Friedrich Schiller, General Pershing, Beethoven, Giuseppe Verdi, president Garfield og Thomas Starr King. Bronsestatuen av Don Quixote og hans følgjeven, Sancho Panza, knelande føran deres skapar, Cervantes, kombinerer fiktive skikkelsar med ein historisk forfattar.
Fotogalleri[endre | endre wikiteksten]
Polaskuta «Gjøa»
lå tidledere på parken, men ho vart flyt til Noreg i 1972
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Golden Gate Park» frå Wikipedia på bokmål, den 25. oktober 2018.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Golden Gate Park Arkivert 2015-11-12 ved Wayback Machine.
- San Francisco Recreation & Parks Department
- San Francisco Parks Alliance
Litteratur[endre | endre wikiteksten]
- Elizabeth May McClintock og Richard G. Turner: The Trees of Golden Gate Park and San Francisco, Heyday, 2001, 244 s. ISBN 9781890771287.
- Terence G. Young: Building San Francisco's Parks, 1850-1930:, Johns Hopkins University Press, 2004, 260 s. ISBN 9780801874321.