«Gjøa»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk


«Gjøa»

«Gjøa» var det første fartøyet som segla gjennom Nordvestpassasjen.[1] Med eit mannskap på seks, under leiing av Roald Amundsen, nådde skuta Stillehavet i 1906 etter ei ferd på over tre år.

Den 70 fot store jakta vart bygd i 1872 i Jørafjero i Rosendal av Knut Johannesson Skaale (Jøra-Knuten). Ho vart dei første 28 åra brukt i fiskeri, før Amundsen kjøpte henne i 1901 for bruk i arktiske ekspedisjonar. Dei siste 18 åra før Amundsen kjøpte henne tilhøyrde «Gjøa» ishavskipperen Hans Christian Johannesen.

Mannskapet på ekspedisjonen var i tillegg til Amundsen Helmer Hanssen, Anton Lund, Godfred Hansen, Peder Ristvedt, Gustav Juel Wiik og kokken Henrik Lindstrøm, som seinare følgde Amundsen på alle ekspedisjonane hans bortsett frå ein.

«Gjøa» segla ut frå Oslo 16. juni 1903, og etter å ha segla mellom Fastlands-Canada og sørspissen av Victoria Island, nådde «Gjøa» Nome i Alaska 31. august 1906. Den segla så vidare til San Francisco, der den anløpte til ein storslagen velkomst 19. oktober same år.

Under ekspedisjonen utførte mannskapet blant anna fleire målingar for å avgjere posisjonen til den magnetiske nordpolen.

Skipet vart seinare kjøpt av eit norsk-amerikansk samfunn og donert til San Francisco by i 1909. Der vart den stilt ut i Golden Gate Park. I 1972 vart «Gjøa» brakt tilbake til Noreg og er i dag plassert i eit eige bygg på FrammuseetBygdøy i Oslo.

Biletgalleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fram Museum - Gjøa-ekspedisjonen (1903-1906) Arkivert 6. september 2015 på Wayback Machine.Wayback MachineArkivert 6. september 2015 på Wayback Machine.
  • Leo Oterhals: Havdrønn : om berømte båtar og stolte båteiere. Utgjeve 2006 av AS Lagunen ISBN 82-90757-23-9