Gordarike

Koordinatar: 60°41′57″N 8°56′51″E / 60.6991°N 8.9475°E / 60.6991; 8.9475
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°41′57″N 8°56′51″E / 60.6991°N 8.9475°E / 60.6991; 8.9475

Gol nye stavkyrkje, stavkyrkjekopien i familieparken Gordarike.
Foto: C. Hill, 2011

Gordarike er ein privat driven såkalla familiepark, opplevingspark, i tettstaden Gol i Gol kommune i Hallingdal. Tema og miljø er henta frå vikingtida og mellomalderen i ein etter måten fri utforming. Her står mellom anna ein kopi av Gol stavkyrkje slik ho er oppattbygd i restaurert stand på Norsk FolkemuseumBygdøy i Oslo. Kopien her nede i dalbotn står såleis langt frå den staden Gol stavkyrkje vart henta frå oppe i lia i nærleiken av Gol kyrkje. Denne nybygde stavkyrkja, som har fått namnet Gol nye stavkyrkje, er vigsla til kyrkjeleg bruk.

Andre bygningar i opplevingsparken er ein vikinghall, langhus, med utstilling om norrøn mytologi, og ein kongehall, som båe er meir eller mindre truverdige rekonstruksjonar basert på det ein veit ut frå arkeologiske funn av spor i jorda, stolpehol og anna, etter vikingtidshus. «Kong Haddings gravhaug», tårnet Yggdrasil, eit nissehus med verkstad og ei elv med små vikingskip høyrer òg med til omgjevnadene ikring den nyreiste stavkyrkja. I det heile er dette eit fantasimiljø som ikkje er meint å skildre dei verkelege tilhøva på denne staden i vikingtida og mellomalderen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]