Grønland i Drammen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gangbrua Ypsilon med eit parti av Grønland på andre sida av elva. Brua er ei såkalla skråstagbru, då ho heng i stag frå tårna på midten, ikkje i kablar som heng i boge mellom tårn i kvar ende, slik hengjebruer gjer.

Grønland er ei gate og eit område i Drammen i Buskerud fylke, attmed Øvre Sund Bru og austover på Strømsøsida (sørsida) av Drammenselva. Mellom anna ligg kulturhuset Union Scene, Drammensbiblioteket (Drammen kommunes folkebibliotek) og somme av avdelingane til Høgskolen i Søraust-Noreg (Campus Drammen) her.

Gangbrua «Ypsilon» over Drammenselva, som har vorte eit særkjenne for Drammen på grunn av utforminga, gjev samband mellom Grønland på Strømsøsida og byparken på Bragernessida (nordsida). Namnet på brua har bakgrunn i at ho ovanfrå ser ut som ein Y (gresk: ypsilon) ved å dele seg i to armar på Bragernessida.