Ypsilon i Drammen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Brua Ypsilon sett mot Bragernessida.
Foto: Knut Arne Gjertsen

Ypsilon er namnet på ei gangbru bygd som skråstagbru over Drammenselva i Drammen, mellom GrønlandStrømsøsida (sørsida) og byparken, Parken, på Bragernessida (nordsida) av elva. Namnet har brua fått av di ho frå lufta ser ut som ein Y, den greske bokstaven ypsilon, ved at brubana deler seg i to på Bragernessida og går i vinkel i kvar si lei. Brua vart opna for fotgjengartrafikken 16. januar 2008

Brua vert halde opp av skråstilte stag frå tårnet, ikke av stag som heng i ståltau i boge mellom tårn i kvar ende av brua og forankra i land, som på ei hengjebru. Hovudspennet er 90 meter langt, og dei to sidespenna er på 56 meter. To 47 meter høge skråstilte master med 16 stag av ståltau ut frå kvar side, held brubana oppe. Då spennet på Strømsøsida av mastene er lenger og tyngre enn på Bragernessida, er somme av skråstaga på Bragernessida forankra i store betongblokkar i staden for i vegbana. Brudekket er laga knust kvit granitt som er valsa ned i eit lag kunsstoff (epoxy), og då stålkonstruksjonane er kvitmåla, gjev brua eit særeige kvitt inntrykk som òg kjem til sin rett ved lyssettinga i den mørke tida av døgret. Stålkonstruksjonane er laga i Sandnessjøen og skipa til brustaden. Under brua er det eit femten meter breitt og seks meter høgt seglingsløp, og på Bragernessida har delinga av bruabana i ei Y-form gjort at ei lita bukt av elva har kunne takast vare på.

Brua er teikna av arkitektane Arne Eggen Arkitekter AS, og terrengutfominga har landskapsarkitektar i firmaet Multiconsult stått for. Firmaet Kaare Skallerud AS har stått for lyssettinga.

Ypsilon fekk i 2008 heidersprisen «European Steel Bridges Award», og ærefull omtale av juryen for Statens byggeskikkpris.