Grapefrukt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Grapefrukt
Grapefruit.ebola.jpeg
Grapefrukta 'Red Flame' på treet.
Vitskapleg namn
Citrus × paradisi
Macfad.
Utbreiing
Utbreiing: Opphavleg Karibia, no dyrka i varme område over heile verda.
Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Eudicotyledoneae
Rosidar
Orden: Sapindales
Familie: Rutaceae
Slekt: Citrus
C. × paradisi
Grapefrukt med lyst fruktkjøt fotografert i 1904
Grapefrukt med raudt fruktkjøt.

Grapefrukt er ei lysegul, litt flatrunda sitrusfrukt som er omtrent dobbelt så stor som ei appelsin. Ho kan ha rosa til gult fruktkjøt og varierande grad av bitter smak. Namnet kjem av engelsk grape, 'drue', fordi fruktene heng som druer i klasar på treet.[1] Frukta kan etast som ho er eller pressast til jus.[2]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Grapefrukttreet kan bli 4,5 til 6 meter høgt. Blada er mørkegrøne og glatte. Blomane er store og kvite. Planten dannar store frukter som typisk har ein diameter på 10-15 m, dobbelt så store som ei typisk appelsin. Fruktkjøtet er saftig og har ein typisk mildt sur eller bitter smak. Det kan vera gult, rosa eller raudt på farge.[3] Skalet er som regel gult, men kan også vera grønt også på mogne frukter.[4]

Trea ber frukt tidleg. Dei kan ventast å bera avlingar 4-6 år etter å ha blitt planta ut.[3] Fruktene bruker på den andre sida lang tid på å mogna, mellom 8 og 13 månader. Mogne frukter kan halda seg friske på treet i fleire månader, og kan då veksa seg større, men dette hindrar ny blomstring. Innhaustinga kan gå føre seg heile året i visse klima.[4]

Histore[endre | endre wikiteksten]

Grapfrukttreet er ein nokså ny hybrid i sitrusslekta. Ein reknar med at det oppstod som ei naturleg kryssing mellom appelsin og pomelo i Karibia, mest truleg på Barbados ein gong på 1600-talet.[5] Planten blei spreidd vidare til Florida tidleg på 1800-talet. Medan han opphavleg mest var ein prydplante, blei grapefrukt stadig vanlegare å eta mot slutten av hundreåret.[6] Grapefrukt blei etterkvart dyrka i stor skala i Florida, andre amerikanske delstatar og i Karibia.[6] I dag er USA den største grapefruktprodusenten i verda, med det meste av produksjonen i Florida, California og Texas.[2]

På 1900-talet spreidde både bruk og produksjon av grapefrukt seg til andre delar av verda, og ein byrja også å produsera jus og hermetisk og frosen grapefrukt.[6] I 2008 var dei største produsentlanda USA, Kina, Mexico, Sør-Afrika og Israel.[4]

Næringsinnhald[endre | endre wikiteksten]

Grapefrukt inneheld noko mindre C-vitamin enn appelsiner, med eit innhald på rundt 35 mg/100 gram etande vare.[1] Den bitre smaken kjem av bitterstoffa naringin og kinin. Grapefrukt er elles rik på mineral.[2]

Vassinnhaldet ca. 90 % og tilførsel av energi ca. 130 kJ.[1]

Variantar og avleiingar[endre | endre wikiteksten]

Det finst mange variantar av grapefrukt, både med og utan steinar. Fruktkjøtet kan vera lyst («blondt») eller raudt.[2] Grapefruktvariantar med raudleg fruktkjøt er gjerne mildare i smaken enn variantar med bleikare fruktkjøt.[1]

Nokre variantar med lyst fruktkjøt er Marsh, Duncan, Oroblanco, Goldens, Wheeney, Sweetie og Melogold. Vanlege variantar med rosa fruktkjøt er Foster, Henderson (eller Henderson Ruby), Marsh Pink (eller Thompson), Ray Ruby, Redblush (også kalla Ruby, Ruby Red, Ruby Sweet og Henninger) og Shambar. Variantar med djuprosa eller raudt fruktkjøt er Rio Red (eller Rio Star), Flame og Star Ruby (også kjend som Sunrise eller Jaffa Sunrise).[4]

Sweetie er ei kryssing mellom bleik grapefrukt og pomelo. Dette er ei frukt med gulgrøn farge og steinfritt fruktkjøtt med søt, fyldig smak.[1]

Ugli stammar truleg frå både grapefrukt, appelsin og tangerin. Fruktene er grovpora, gulgrøne, runde og ujamne på fasongen, og kan ha brune flekkar slik at dei ser «stygge» ut (engelsk ugly). Fruktkjøtet er guloransje, saftig og smakfullt.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Grapefrukt» (23. januar 2013). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 23. juli 2015.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Grapefrukt». Opplysningskontoret for frukt og grønt (frukt.no). Henta 23. juli 2015.
  3. 3,0 3,1 «grapefruit», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica Online, 14 Aug. 2015 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Grapefruit, Citrus Pages 
  5. J. Kumamoto, R.W. Scora, H.W. Lawton og W.A. Clerx, «Mystery of the Forbidden Fruit: Historical Epilogue on the Origin of the Grapefruit, Citrus paradisi (Rutaceae)», Economic Botany (Springer on behalf of New York Botanical Garden Press)  Unknown parameter |vol= ignored (|volume= suggested) (hjelp)
  6. 6,0 6,1 6,2 Christopher Cumo (25 Apr 2013), Encyclopedia of Cultivated Plants: From Acacia to Zinnia, ABC-CLIO 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]