Greip

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Greip.

Greip er ein spadeliknande handreiskap med tindar istaden for tett blad, slik at reiskapen fungerer som ein gaffel. Han vert nytta innan jordbruk, hagebruk og gartneri for å for å løyse opp jorda, handsama husdyrmøkk, kompost og anna gjødning, for å grave opp og handsama potetar og liknande. Høygaffelen, som vert nytta til å handsame gras og høy, er ein liknande reiskap.

Dei eldste greipene var laga av tre, medan dei i dag vert laga av stål. Den eldste greipen i Noreg som er teke vare på, vart funne i vikingtidsgrava som romma Osebergskipet, og var skåre ut i eitt stykkje tre med to tindar.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet greip kan brukast både i hannkjønn, hokjønn og i inkjekjønn - både ein, ei og eit greip er god norsk. Ordet greip har språkleg samanheng med ordet «å gripe»[1].

Annan bruk av ordet[endre | endre wikiteksten]

Med uttrykket «det heng ikkje på greip» meiner vi at det ikkje er hald i ei utsegn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]