Sopelime

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Soplime)
Tradisjonell sopelime.
Foto: Thomas Schmidt

Sopelime, soplime eller berre lime er ein feiekost laga av eit knippe kvistar festa til eit treskaft.

Slike kostar har vore vanleg heimelaga husgeråd mange stader. På norske gardar var dei tradisjonelt laga av bjørkeris surra fast med vidje, seinare ståltråd.

Kulturell tyding[endre | endre wikiteksten]

Framstilling av heks på sopelime i eit manuskript frå 1451.

I europeisk folketru er sopelimar knytte til hekser, som skulle ri på desse til såkalla heksesabbatar. Uvanleg tett kvistvekst på tre forårsaka av sjukdom som liknar sopelimar er kjend som heksekost.

Sopelimen er elles blitt nytta som eit bilete på å reinska opp, også i overført tyding. Eit politisk parti kan til dømes lova å «feia» bort uønskte element.