Grenda på Fedje
Utsjånad
| Grenda | |||
| stad | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Hordaland | ||
| Kommune | Fedje | ||
| Postnummer | 5947 FEDJE | ||
| Gardnummer | 168 | ||
Grenda er ein gard på Fedje som høyrer til Nedrelandet. Nedrelandet omfattar den nedre delen av matrikkelgarden nr. 168, altså alle bruka utanom Kopper og Husa. I motsetnad til desse to vart Grenda og dei andre bruka på Nedrelandet kalla plassar i skriftlege kjelder. Desse var både mindre og hadde dårlegare jord enn Kopper og Husa.
Grenda ligg mellom Muren, Stuberg, Opphaugen og Kopper. Garden vart nemnd første gong i 1620, og det kan sjå ut til at Grenda vart skild ut frå Muren. Uttalen av namnet er «grennæ».
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Arvid Skogseth (1997). Fedje og folket: Gards- og ættesoge for Fedje. Fedje kommune.