Grensestein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nummererte grensesteinar som markerer riksgrensa mellom Sveits (til venstre) og Frankrike (til høgre). Ein annan gensestein kan skimtast i det fjerne. Langs grensa er det rydda for skog, kalla ei grensegate, som skal gje fri sikt frå grensestein til grensestein.
Ei riksgrenserøys på grensa mellom Sverige og Noreg; røys nummer 272

Grensestein er stein som er sett ned i jorda for å markere i terrenget grensa mellom landområde eller landareal, til dømes ei riksgrense mellom sjølvstendige statar, eller eigedomsgrenser mellom landeigedomar, gardar og liknande. Grensesteinar skal stå i punkt der grensa gjer ein knekk, og ellers der det trengs for å gjere grensa tydeleg i terrenget. I notida vert grenser som oftast merka på anna vis.

Ved markering av eigedomsgrenser vart det i tidlegare tider, som til dømes i Noreg, ofte nytta vanleg høveleg naturstein frå området kring grensa som grensesteinar. Grensesteinane skulle skilje seg ut frå steinane i marka i området ved si form og ved å stå oppreist. Det var då gjerne tradisjonelle krav om at kvar grensestein skulle markerast med to «vitne», to steinar som vart plassert inntil den oppreiste steinen på kvar si side av han. Innhogde kryss og anna merking kunne òg verte nytta.

Grenser mellom eigedomar vert ofte kalla for byter, og grensesteinar for bytesteinar. Frå gamalt av har det vore strenge straffar for ulovleg å flytte grensesteinar, bytesteinar, og anna grensemarkering.

Grenserøyser[endre | endre wikiteksten]

Viktige punkter på riksgrenser kunne markerast med såkalla grenserøyser, oppbygde vardar av stein med ei markering av grensa på toppen av varden. Slik røyser finn ein til dømes på grensa mellom Noreg og Sverige, der det er meir enn 200 slike nummererte røyser, og mellom Sverige og Finland (Suomi). Treriksrøysa der grensa mellom Noreg, Finland og Sverige møtast, er ei moderne utgåve av slike røyser.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]