Treriksrøysa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Treriksrøysa mellom Noreg, Sverige og Finland.
Den svensk-norsk-finske treriksrøysa avmerkt på eit kart.

Treriksrøysa er to punkt langs den norske riksgrensa. Ved den eine møtes riksgrensene til Sverige, Noreg og Finland møter kvarandre, og ved den andre grensene til Noreg, Finland og Russland.

Treriksrøysa mellom Noreg, Finland og Sverige[endre | endre wikiteksten]

Treriksrøya (svensk Treriksröset, finsk Kolmen valtakunnan rajapyykki) mellom Noreg, Sverige og Finland ligg nær Skibotn ved 69°03′35.9″N 20°32′55.1″E.

Monumentet vart reist i 1897 av dei norske og russiske (som styrte Finland på den tida) styresmaktene. Svenskane vart ikkje samde om grensa med nordmennene og deltok ikkje med sin stein før i 1901. Dette er òg det nordlegaste punktet i Sverige og det vestlegaste punktet på det finske fastlandet. Det vestlegaste punktet i Finland er øya Märket).

Sjølve trepunktsmonumentet er laga i betong og er forma som ei flat kjegle, og ligg om lag 10 meter ut i innsjøen Goldajärvi. Monumentet vart bygd i 1926 og har ein diameter på 4 meter.

Ein kan nå punktet til fots, 11 km frå Kilpisjärvi i Finland. Om sommaren kan ein nå punktet med båt frå Kilpisjärvi og ein 3 km lang gåtur.[1]

Treriksrøysa mellom Noreg, Finland og Russland[endre | endre wikiteksten]

Det er òg ei treriksrøys i punktet der riksgrensene til Noreg, Finland og Russland møter kvarandre, 69°03′06.9″N 28°55′45.5″E, vest for Grensefoss i Pasvikdalen i Finnmark. Det er forbode å gå nær denne røysa sidan ein då kryssar både den russiske riksgrensa og den ytre grensa til Schengenområdet.[2] Det finst norske og russiske vakter som overvaker grensa. Det er vidare forbode å fotografere russisk personell eller militært utstyr, eller med teleobjektiv med brennvidd på meir enn 200 mm over grensa. På norsk side blir fotturistar som regel følgd til røysa av grensejegerar, for å hindre ulovleg kryssing av grensa til Russland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Treriksrøysa