Grepa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Grepa er eit tidlegare norskeigd varemerke for fleire ulike produkt, mellom andre komfyrar, varmeomnar og barnevogner. Produkta vart opphavleg produsert ved Grepa og Mjelva Fabrikker i ØrstaSunnmøre, ein fabrikk som vart starta i 1929 av Havtor Hovden.

Komfyren[endre | endre wikiteksten]

Dei elektriske komfyrane som Grepa produserte, var i seinare tid særleg kjend for sin «tette steikeomn». Ei silikonlist tetta mellom sjølve steikeomnen og glaset på steikeomsdøra, slik at fukt- og varmetapet vart redusert. Hos andre produsentar var det tidlegare vanleg at lista rundt steikeomnen ikkje gjekk heilt rundt og dermed fekk ein ikkje ein heilt tett steikeomn. Grepa si «tette løysing» gav også raskare oppvarming og redusert energibehov. Grepa var i mange år åleine om å ha «tett steikeomn», men i dag har dei fleste komfyrmerka ei liknadne løysing for sine beste produkt.

Fabrikken[endre | endre wikiteksten]

Grepa og Mjelva Fabrikker i Ørsta var den siste, store komfyrprodusenten som faktisk produserte alle sine modellar i Noreg, sjølv om BEHA framleis produserer nokre komfyrmodellar for innbygging her i landet. Fabrikken i Ørsta hadde produksjon av Grepa-komfyrar fram til utgangen av juni 2008,dei siste åra under namnet «Heklama Grepa AS». Selskapet vart seld til italienske Candy Group, produksjonen vart flytta til utlandet og merkenamnet endra til «Hoover Grepa».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]