Havtor Hovden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Havtor Hovden
Fødd 9. mai 1892
Vanse
Død

4. juni 1983

Yrke ingeniør, næringslivsleiar

Havtor Hovden (9. mai 18924. juni 1983) var ein norsk ingeniør og bedriftsleiar, fødd i Vanse ved Farsund, og budde det meste av sitt vaksne liv i ØrstaSunnmøre.

Utdanning og praksis[1][endre | endre wikiteksten]

Han hadde slekt i Volda og der gjekk han på middelskule og 2 år på gymnaset. Deretter hadde han om lag 3 års verkstadpraksis. I 1916 tok han eksamen på M-linja (maskinteknikk) ved Trondhjems tekniske mellomskole (frå 1936:Trondheim tekniske skole). I oktober det same året tok han seg jobb som fyrbøtar på ein båt og reiste til USA. Han studerte deretter ved Coyne National Trade Schools, Chicago, Ill. og tok sjølvstudium av elektrisk varmeapparatkonstruksjon. I åra 1916-1917 fekk han arbeidspraksis ved Hughes Electric Heating Co., Chicago.

I 1918 var han komen attende til Noreg og tok eksamen på E-linja (elektroteknikk) ved Trondhjems tekniske mellomskole. Deretter arbeidde han i åra 1918-1921 ved AS National Industries elektrotermiske avdeling i Drammen. I 1922 arbeidde han ved Mjelvas Elektriske Ovnsfabrik på Veblungsnes, og i 1923 var han i arbeid ved De Norske Saltverkers Varmeapparatfabrik i Bergen. I 1924 reiste han attende til Veblungsnes og vart tilsett som disponent i Mjelvas Elektriske Ovnsfabrik.

Virke[endre | endre wikiteksten]

I 1927/28 kjøpte han konkursbuet etter Mjelvas Elektriske Ovnsfabrik på Veblungsnes med pengar som han lånte frå morbroren, Olaf Devold i Ålesund. I 1929 flytta han fabrikken til Ørsta og etablerte eit personleg selskap (Enkeltpersonføretak) som fekk namnet: Grepa og Mjelva Fabrikker (Havtor Hovden)[2].

Havtor Hovden var ein dugande industrileiar og han bygde opp fabrikken Ørsta til å bli ei landskjend bedrift for produksjon av komfyrar som vart selt under merkenamnet «Grepa». Under det same namnet vart det etter kvart produsert og marknadsført varmeomnar , barnevogner, dokkevogner og trø-bilar for born.

Havtor Hovden var først og fremst ingeniør med stor teknisk innsikt og han var alltid oppteken av å betre produkta og rasjonalisere produksjonen. Men han var ein betydeleg mann på fleire område; kulturinteressert og med store historiske kunnskapar. Han hadde stor glede av felespel og drog gjerne på felekappleikar. Han var velorientert om treskurd og sette Skjåk-Ola høgare enn Michelangelo. Det er sagt om han, at han han var så norsk som det norskaste.

I 1965 var han blitt 73 år gamal og han trekte seg ut av leiinga av selskapet. Sonen, Dagfinn Hovden, tok over som disponent av Grepa og Mjelva Fabrikker og samstundes vart selskapet gjort om til aksjeselskap, og vi siterer Dagfinn Hovden frå «Mi gamle grend» (skrift nr 14, 2005):

« Fabrikken var eit personleg firma heilt til 1965, då Havtor Hovden lagde aksjeselskap og gav burt dei fleste aksjane til Sunnmørsbanken og Ørsta kommune. Der var nemleg ikkje pengar til å betale 35 prosent arveavgift av det vilkårlege verdet likningsmakta i Ørsta sette anlegga i. Før 1965 åtte Havtor Hovden kvar ein skru, stod personleg ansvarleg for kvar ei gjeldskrone. Etter 1965 hadde han ikkje ansvar for noko. »

Familie[endre | endre wikiteksten]

Havtor Hovden vart fødd 9.mai 1892 i Vanse i Farsund kommune. Han var eldste son til diktarpresten Anders Hovden (1860-1943) og farfaren hans var Karl Rasmussen (1815-1877) frå Karlsgarden, Ytre-Hovde i Ørsta. Mor til Havtor var Lina Marie (1865-1895), dotter til Ole Andreas Devold (1827-1892) i Ålesund.

Havtor Hovden var gift med Birgitte f. Noteng (f. 28. juni 1892) frå Trondheim, vigde 22. desember 1917 i Domkirken i Trondheim. Dei fekk tre søner: Dagfinn (f. 1924), Olav (f. 1925) og Harald (f. 1927). Birgitte Hovden døydde 8. desember 1981 og Havtor Hovden gjekk bort eit og eit halv år seinare, 4. juni 1983. Dei er begge gravlagt ved Ørsta kyrkje.

Det er sendt inn forslag til Ørsta kommune om at plassen ved det gamle murhuset, der Grepa og Mjelva Fabrikker først vart etablert i 1929, skal kallast «Havtor Hovden plass».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 25-års jubileumsberetning 1912-1937 Norsk teknisk landsforbund 1937 (side 174).
  2. Artikkel i Møre-Nytt 3. september 1929.

  • Ørsta mellom fjell og fjord – av Lasse Thorseth (Thorseth Video 2006)
  • Hva brast så høyt? – av Ola Skjåk Bræk (Nordvest Forlag AS 1990)
  • Opplysningar frå Dagfinn Hovden, Ørsta