Greta Thunberg
Utsjånad
Greta Thunberg | |
![]() | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 3. januar 2003 (22 år) Stockholm |
Yrke | miljøvernar, forfattar, aktivist, økolog |
Språk | svensk, engelsk |
Far | Svante Thunberg |
Mor | Malena Ernman |
Greta Thunberg på Commons |
Greta Thunberg (fødd 3. januar 2003 i Stockholm) er ein svensk aktivist i kampen mot menneskeskapt global oppvarming. Frå august 2018 byrja ho sitja utanfor Riksdagen i Sverige med ein plakat der det stod «Skolstrejk för klimatet». Aksjonen hennar inspirerte etter kvart ungdommar i fleire land til å utføra liknande demonstrasjonar. Dei samlar under namnet «Skolstrejk för klimatet» (Skulestreik for klima) eller «Friday for Future».[1]
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- I mars 2019, 2020, 2021 og 2022 var ho ein av nominerte til Nobels Fredspris.[2][3][4][5]
- I oktober 2019 vann ho Nordisk råds natur- og miljøpris. Ho avslo å ta imot prisen av 500 000 kroner for å understreka at det ikkje blir gjort nok for å stoppa global oppvarming.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Statsvetare om Greta-effekten: Unik rörelse», Sydsvenskan, 16. juni 2019
- ↑ «SV-politikere nominerer svenske Greta Thunberg til Nobels fredspris», Bergens Tidende, 13. mars 2019
- ↑ «Greta Thunberg nominert til fredsprisen», Aftenposten, 3. februar 2020
- ↑ «Flere fredsprisforslag før fristen gikk ut», Aftenposten, 1. februar 2021
- ↑ «Greta Thunberg nominert til Nobels fredspris», Nettavisen, 1. februar 2022
- ↑ «Greta Thunberg nekter å ta imot prisen fra Nordisk råd – refser blant annet Norge», Verdens Gang, 29. oktober 2019
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |