Growing Up Is Getting Old

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Growing Up Is Getting Old»
Song av Victoria
Land Bulgaria
Språk Engelsk
Utgjeve 19. mars 2021
Sjanger Pop
Lengd 03:08
Selskap Ligna Group, Ostereo Limited
Låtskrivar(ar) Helena Larsson, Maya Nalani, Oliver Björkvall, Viktorija Georgieva

«Growing Up Is Getting Old» (norsk 'å veksa opp er å verta gammal') er ein song frå 2021 med den bulgarske songaren og låtskrivaren Victoria. Songen vart utgjeven 26. februar 2021 og var det bulgarske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.[1]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Growing Up Is Getting Old» er skriven av artisten Victoria saman med Helena Larsson, Maya Nalani, Oliver Björkvall frå låtskrivarselskapet Ligna Group & Ostero Limited. Songen vart fyrst gjeven ut som del av EP-en A Little Dramatic 26. februar 2021, og som singel 19. mars same år.[2][3]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

«Growing Up Is Getting Old» var det bulgarske bidraget i Eurovision Song Contest 2021, etter at Victoria vart internt vald av Bulgarias nasjonale televisjon (BNT) til å representere landet i tevlinga. Victoria skulle ha representert Bulgaria i Eurovision Song Contest 2020, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien. I staden vedtok BNT at ho skulle få representere landet i 2021. Songen vart kunngjord som det bulgarske bidraget 10. mars.[4]

Bulgaria deltok i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest i Rotterdam Ahoy i Rotterdam i Nederland torsdag 20. mai.[5] Der vart songen nummer tre og kvalifiserte seg til finalen laurdag 22. mai.[6] I finalen var Bulgaria det 17. landet på scena. Til slutt enda songen på ellevteplass med 170 poeng.[7]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2021) Høgaste

plassering

Litauen (AGATA)[8] 67
Nederland (Single Tip 30)[9] 4
Sverige (Sverigetopplistan – Heatseaker)[10] 16

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «VICTORIA chooses 'Growing Up Is Getting Old'» (på engelsk). 10. mars 2021. Henta 10. mars 2021. 
  2. «growing up is getting old by VICTORIA» (på engelsk). Henta 10. mars 2021. 
  3. «growing up is getting old (Eurovision Version) - Single by VICTORIA» (på engelsk). Henta 5. september 2021. 
  4. «Bulgaria: VICTORIA will sing "Growing Up Is Getting Old" at Eurovision 2021» (på engelsk). 10. mars 2021. Henta 10. mars 2021. 
  5. «Second Semi-Final of Rotterdam 2020». eurovision.tv. Henta 21. februar 2020. 
  6. «Eurovision 2021 Semi-final 2 Results». Henta 22. mai 2021. 
  7. «Grand Final of Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 22. mai 2021. 
  8. «2021 20-os savaitės klausomiausi (TOP 100)» (på litauisk). Henta 20. juni 2021. 
  9. Hung, Steffen. «Victoria [BG] - Growing Up Is Getting Old». Henta 5. september 2021. 
  10. «swedishcharts.com - Heatseaker uke 21/2021». Sverigetopplistan. mai 2021. Henta 5. september 2021.