Bulgaria debuterte i Eurovision Song Contest i 2005 og har delteke fjorten gongar. Berre fem gongar har Bulgaria klart å kvalifisere seg til finalen, men til gjengjeld har tre av finaledeltakingane enda med topp fem-plasseringar. Den beste plasseringa til Bulgaria i Eurovision Song Contest, er andreplassen til Kristijan Kostov i 2017.[1]
Det er den bulgarske kringkastaren Bălgarska natsionalna televizija (BNT) som har rettane til å sende Eurovision Song Contest i Bulgaria og har ansvaret med å velje det bulgarske bidraget til Eurovision Song Contest. Debuten kom i Kyiv i 2005 då jazzbandet Kaffe sang «Lorraine», men rauk ut i semifinalen det året.
Fyrst på det tredje forsøket, i 2007, klarte Bulgaria å kvalifisere seg til ein Eurovision-finale, då duoen Elitsa Todorova og Stojan Jankulov framførte songen «Water». Bidraget hamna til slutt på ein femteplass i finalen.
Deretter fulgte seks år utan ein einaste finaleplassering, sjølv om Bulgaria var nære på ved å kvalifisere seg til finalen i 2012. Bidraget «Love Unlimited» kom på delt tiandeplass med det norske bidraget «Stay», men Noreg og Tooji gjekk vidare til finalen sidan Noreg hadde fått poeng frå fleire land enn Bulgaria.[2]
I 2014 og 2015 deltok ikkje Bulgaria i Eurovision Song Contest på grunn av økonomiske problem hos kringkastaren BNT.[3] Bulgaria returnerte til Eurovision Song Contest i 2016 og fekk sin førebels beste plassering då Poli Genova song «If Love Was a Crime» inn til ein fjerdeplass. Året etter, i 2017, fekk Bulgaria sin hittil beste plassering i Eurovision Song Contest, då Kristijan Kostov og songen «Beautiful Mess» kom på andreplass, berre slått av Portugal.