Viktorija Georgieva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Viktorija Georgieva
Viktoria georgieva-1621716776.JPG
Fødd21. september 1997 (25 år)
FødestadVarna
FødenamnВиктория Георгиева,
OpphavBulgaria
Aktiv2011–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar

Viktorija Georgieva (fødd 21. september 1997), best kjend under artistnamnet Victoria, er ein bulgarsk songar og låtskrivar. Ho innleia ein profesjonell musikarkarriere etter å ha delteke i fjerde sesong av X Factor Bulgaria.[1] Georgieva skulle ha representert Bulgaria i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam med songen «Tears Getting Sober».[2][3] Men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[4] Ho fekk i staden representere Bulgaria i tevlinga i 2021 med songen «Growing Up Is Getting Old».[5][6]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Georgieva vart fødd i Varna i Bulgaria. Ho starta å synga som elleveåring, og etter kort tid byrja ho i vokalstudioet «Angel Voices», der ho hadde Atanaska Liptsjeva som songlærar.[1] Georgijeva deltok i auditionrundane i dei tre fyrste sesongane av X Factor Bulgaria, men gjekk aldri vidare – mykje på grunn av sin unge alder.[7] I 2015, etter tre forsøk, gjekk ho vidare til finalerundane.[8] Ho vart slått ut i veke 9.

Trass i at ho ikkje vann X Factor Bulgaria, fekk Georgieva eit tilbod frå Virginia Records, som ho avslo. Men ho signerte for Monte Music i 2016, og 10. juni 2016 slapp ho sin fyrste singel, «Nisjto slutsjajno» med artistane VenZy og Niki Bakalov.[9] Ho slapp sin fyrste engelskspråklege singel, «I Wanna Know» i 2019, og hennar debutalbum er planlagt utgjeve i 2020.[10]

I november 2019 kunngjorde den bulgarske kringkastaren Bălgarska natsionalna televizija (BNT) at Georgieva skulle representere Bulgaria i Eurovision Song Contest 2020 i Nederland. Songen hennar, «Tears Getting Sober», vart offentleggjort mars 2020.[11][12][13] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse tevlinga for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[14] BNT vedtok same vår at Victoria i staden skulle representere landet i Eurovision Song Contest 2021, men med songen «Growing Up Is Getting Old».[15][16]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

EP-ar[endre | endre wikiteksten]

Tittel Detaljar
A Little Dramatic
  • Utgjeven: 26. februar 2021
  • Merke: Ligna Studios
  • Format: Digital nedlasting, strøyming

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Tittel År Høgaste
listeplassering
Album
BUL
«Nisjto slutsjajno»

(med Niki Bakalov og VenZy)

2016 Ikkje frå album
«Nezavarsjen roman» 15
«Tsjast ot men» 2017 28
«Stranni vremena» 2018 28
«I Wanna Know» 2019
«Tears Getting Sober» 2020 2
«Alright.»
«Ugly Cry»
«Growing Up Is Getting Old» 2021 A Little Dramatic
«—» angjev at songen ikkje vart utgjeven eller nådde lista.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Виктория Георгиева сред красотата на музиката». utro.bg. 
  2. «Финалисти - Виктория». novatv.bg. Arkivert frå originalen 2016-03-04. 
  3. «Bulgaria names contestant for Eurovision 2020 in Rotterdam». The Sofia Globe (engelsk). 25. november 2019. Henta 28. november 2019. 
  4. «Bulgaria names contestant for Eurovision 2020 in Rotterdam» (på engelsk). 25. november 2019. Henta 28. november 2019. 
  5. «🇧🇬 Victoria to represent Bulgaria at Eurovision 2021» (på engelsk). 21. mars 2020. Henta 21. mars 2020. 
  6. «VICTORIA chooses 'Growing Up Is Getting Old'» (på engelsk). 10. mars 2021. Henta 10. mars 2021. 
  7. «Звездни изпълнения и необикновени истории при старта на X Factor». dareknews.bg. 
  8. «Кои са финалистите в X Factor?». trud.bg. 21. oktober 2015. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 28. oktober 2015.  Arkivert 4. mars 2016 på Wayback Machine.
  9. И Вики от "Х Фактор" се присъедини към лейбъла на Графа
  10. «Bulgaria names contestant for Eurovision 2020 in Rotterdam» (på engelsk). 25. november 2019. Henta 28. november 2019. 
  11. «Bulgaria names contestant for Eurovision 2020 in Rotterdam» (på engelsk). 25. november 2019. Henta 28. november 2019. 
  12. «VICTORIA to represent Bulgaria at Eurovision 2020». EBU. 25. november 2019. Henta 28. november 2019. 
  13. «Bulgaria's Victoria teases her Eurovision 2020 song "Tears Getting Sober"» (på engelsk). 4. mars 2020. Henta 4. mars 2020. 
  14. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  15. «🇧🇬 Victoria to represent Bulgaria at Eurovision 2021» (på engelsk). 21. mars 2020. Henta 21. mars 2020. 
  16. «VICTORIA chooses 'Growing Up Is Getting Old'» (på engelsk). 10. mars 2021. Henta 10. mars 2021.