Gryn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nærbilde av havregryn.

Gryn er avskala korn eller stiverike plantedelar frå ulike kornslag. Dei kan kokast til graut, suppe og liknande, til bakverk og dessertar, eller i kornblandingar.

I byggryn kan ytre delar av kjerna slipast bort til heilgryn og eventuelt grovknust vidare til halvgryn.

Tørrpressa havregryn er tørka havremarg (kjerner) som er pressa mellom glatte valsar, damppressa havregryn er dampa, og lettkokte havregryn er også snitta opp før pressing.

Semulegryn er gryn laga av den innste kjerna av kveitekorn. Dei blir mellom anna brukt til couscous.

Andre gryntypar er polenta, risgryn og sago.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]