Guadalajara i Spania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Guadalajara
Flagget til Guadalajara
Flagget til Guadalajara


Plassering
Guadalajara i Spania is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Castilla-La Mancha
Provins Toledo
Borgarmeister Antonio Román Jasanada
Geografi
Flatevidd
 - By

235,51 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

83 609
  355 /km²
Koordinatar 40°37′″N 3°10′″WKoordinatar: 40°37′″N 3°10′″W
Høgd over havet 708 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 19001-19005
Telefon-retningsnummer 949
Nettstad: www.guadalajara.es

Guadalajara er ein by og ein kommune i den autonome regionen Castilla-La Mancha i Spania og naturregionen La Alcarria. Han er hovudstaden i provinsen Guadalajara. Byen ligg om lag 60 km nordaust for Madrid ved elva Henares og har kring 85 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ruinane av 'Alcázaren i Guadalajara', bygd på 800-talet.

Han var ein romersk by kalla Arriaca' og vart kanskje grunnlagd av ein førromersk kultur, men ein har ikkje funne arkeologiske spor som støttar dette. Byen vart innlemma, som Caracca,[1], i den romerske provinsen Hispania Tarraconensis. Byen låg langs vegen frå Emerita (dagens Mérida) til Caesaraugusta (dagens Zaragoza), nordaust for Complutum (dagens Alcalá de Henares).

Guadalajara vart grunnlagd på ny av maurarar på 700-talet. Dei kalla han Wadi-al-Hajara (وادي الحجارة), som tyder «Steindalen». Muslimane bygde mange monument i byen, som den mauriske brua over Henares, ruinane av den gamle alcazaren (arabisk for «borg») og den tidlegare St. Maria-kyrkja, som då var ein moske.

I 1085 vart Guadalajara erobra av dei kristne styrkane til Alfonso VI (konge av Leon og Castilla). Krønikene fortel at dei kristne armeane vart leia av Alvar Fanez de Minaya, ein av løytnantane til El Cid. Frå 1085 og fram til slaget ved Las Navas de Tolosa i 1212, leid byen under krigane mot almoravidane og almohadane. Trass i krigane kunne den nye kristne folkesetnaden bygge opp att byen på grunn av folk som kom frå nord (Castilla, Baskarland og Navarra). Alfonso X av Castilla verna byen og gjorde at byen blømde.

På 1300-talet var Mendoza-familien domienrande i Guadalajara og i 1460 fekk han byrettar av Henrik IV. I denne perioden gav Mendoza-familien ordre om å å byggje El Palacio del Infantado som hovudresidensen deira. Han stod ferdig tidleg i 1480-åra og vert av mange rekna som det eldste gjenverande byggverket i renessansestil utanfor Italia. Under den spanske arvefølgjekrigen vart Guadalajara plyndra.

På 1800-talet vart byen øydelagd under den spanske sjølvstendekrigen (1808-1814) og han vart vidare sett tilbake då Real Fábrica de Paños vart stengd i 1822. I 1808 vart Guadalajara erobra av den franske hæren under General Hugo og byen vart øydelagd.

I 1840 vart Guadalajara provinshovudstad i provinsen med same namn. Eit militærakademi vart grunnlagd i byen og byen utvikla seg sakte på andre halvdel av 1800-talet og på starten av 1900-talet.

Etter den spanske borgarkrigen (1936-1939), som òg råka byen hardt, vart Guadalajara i 1959 ein del av utviklingsplanane som gjorde han til ein industriby. Guadalajara har sidan den gong vokse kraftig.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Guadalajara i Spania

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ptol. ii. 6. § 57; Geog. Rav. iv. 44) eller Caraca (Friedrich August Ukert, i. 2. s. 429.