Gujarati

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gujarati
ગુજરાતી
Klassifisering indoeuropeisk

 indoiransk
  indoarisk
   vestleg indoarisk
    gujarati

Bruk
Tala i India, Tanzania, Kenya, Pakistan, Storbritannia, USA
Område Asia, Afrika
Gujaratitalande i alt 46 millionar
Rangering 22
Skriftsystem Gujaratiskrift
Offisiell status
Offisielt språk i Gujarat
Normert av Språkakademi
Språkkodar
ISO 639-1 gu
ISO 639-2 guj
ISO 639-3 guj

Gujarati er eit språk som stammar frå staten Gujarat vest i India. Det er eit indoeuropeisk språk i den indoariske familien og er med sine 46 millionar talarar det 22. mest tala språket i verda. Gujarati var morsmålet til mellom anna Mahatma Gandhi, «far til India», og Mohammed Ali Jinnah, «far til Pakistan».

Tavle med trykt og handskriven gujaratiskrift, og engelsk.

Den gujaratiske skrifttradisjonen går tilbake til 1100-talet. Gujarati blir ikkje skrive med devanagariskrift, men med ei eiga skrift, som er avleidd frå dette. Gujarati blir skrive utan den øvre tverrbjelken som vi finn i devanagari, slik at devanagari-bokstaven for g, ग, blir skriven som ગ utan tverrbjelke i gujarati.

Språket har tre kjønn, til forskjell frå hindi, som berre har to. Det har også tre kasus for substantiv.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipediagujarati


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.