Gulow Andorsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gulow Andorsen
Fødd 21. juni 1791
Mandal
Død

28. juli 1867
Mandal

Yrke forretningsdrivande, politikar

Gulow Andorsen (21. juni 179128. juli 1867) var ein norsk skipper og forretningsmann frå Mandal, samt stortingsmann for Kristiansand i 1836.

Andorsen var son til ein skipper, og vart sjølv skipper i ung alder. Deretter arbeidde han på kontoret til handelsforretninga G.F. Reinhardt i Kristiansand, der han i 1822 vart kompanjong i firmaet; Reinhardt & Co. I 1836 gjekk han ut av firmaet og etablerte si eiga forretning i Mandal, samstundes fekk han styringa over handelshuset Wattne & Co.

I si tid i Kristiansand var han borgarrepresentant og forlikskommissær, medan han i Mandal vart den fyrste ordføraren i byen. Andorsen representerte Kristiansand på Stortinget 1836, medlem av tollkomiteen. Han vart friteken for å møte ved det overordentlege storting 1836-37, grunna forretningar.

Han døydde i fødebyen Mandal, 76 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]