Gulsongar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gulsongar
Gulsongar Foto: Ron Knight
Gulsongar
Foto: Ron Knight
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigGrønt - hekkeområdet Mørkblått - overvintringsområdet
Grønt - hekkeområdet
Mørkblått - overvintringsområdet
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Kjerrsongarfamilien Acrocephalidae
Slekt: Hippolais
Art: Gulsongar H. icterina
Vitskapleg namn
Hippolais icterina

Gulsongaren (Hippolais icterina) er ein fugleart i kjerrsongarfamilien, Acrocephalidae.

Utsjånad og lyd[endre | endre wikiteksten]

Lengda er kring 12-14 cm. Vekt 14-20 gram. Oversida er grågrøn og undersida lyst gul. Beina er grå. Lang og spisst nebb. Kjønna ser like ut. Lokkelyden på hekkeplassen kan skrivast «tete hyi», «tekderehui» eller «hippolyit». Songen er hurtig og sterk med innslag av hermelydar frå songen til andre fugleartar. Lokkelyden inngår i songen. Også hermingar av fugleartar frå vinterkvarteret i Afrika vert vovne inn i songen. Folk som kjenner fuglesong ekstra godt kan bruke dette til å seie kvar i Afrika eit syngande individ overvintrar.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Gulsongar finst frå Ural og det vestlege Sibir i aust og vestover gjennom Sentral-Europa til det nordvestlege Frankrike, og mot nordvest til Fennoskandia. Totalt i Europa reknar ein 3,5 til 7,1 millionar par. Her har bestanden gått litt attende dei siste tiåra. Arten er monotypisk. Gulsongaren manglar i det sørvestlege Europa der spottesongaren tek over nisja.

Biotop og utbreiing i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Gulsongaren lever i ope skogslandskap med busker og frodig undervegetasjon, men held seg også i parkar og gamle hagar. Det aller beste er sørvende lauvskogslier eller oreskog. Hovudutbreiinga i Noreg er nord til Helgeland. Lengre nord finst fuglen berre på eit fåtal eigna lokalitetar. Den norske hekkebestanden er rekna til 50 000–300 000 par.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Først og fremst insekt og edderkoppar, som vert funne oppe i lauvverket. Om hausten også litt bær.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Gulsongaregg.

Fuglen er kjønnsmoden etter eit år. Hekkeperioden er frå mai til juli. Reiret, som vert gøymt i tre eller busker, er fint skålforma og laga av kvist, strå, lauv og gras. Hoa legg 4-6 egg som er rosa med svarte prikkar. Egga vert ruga av begge foreldra i 12-14 dagar. Ungane vert i reiret 12-13 dagar etter klekkinga. Gulsongaren kjenner lett att eit gaukegg og kastar det ut av reiret.

Trekkvanar[endre | endre wikiteksten]

Gulsongaren er ein av dei siste trekkfuglane som kjem om våren. Dei fleste kjem i slutten av mai og i juni, og dei dreg frå hekkeplassane i slutten av juli og i august. I Sør-Noreg kan nokre individ enno sjåast tidleg i september. Heile verdsbestanden av gulsongarar overvintrar i det søraustre Afrika, for det meste sør for ekvator. Fuglane kjem til vinterområda i september-november. Dei nordvestlege bestandane flyg mot søraust om hausten, og dei nordaustlege flyg mot sørvest. Fuglane kjem til Afrika via Italia og Hellas. Vårtrekket frå vinterområda startar i februar-mars, gjennom Nigeria er trekket på det største seint i april. Gjennom Italia og det sentrale middelhavsområdet går trekket frå midt i april til midt i mai. Soleis ser fuglane ut til å ha same trekkruta vår og haust.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]