Gunder Olaus Jensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunder Olaus Jensen
Fødd 19. desember 1843
Død

7. oktober 1924 (80 år)

Yrke forretningsdrivande

Gunder Olaus Jensen (19. desember 18437. oktober 1924) var ein norsk handelsmann, målarmeister, glasmeister og lokalpolitikar i Fredrikshald (no Halden).

Livsskildring[endre | endre wikiteksten]

Gunder Olaus Jensen vart fødd i Halden 19. desember 1843 og var son av målarmeister Lars Jensen og Klara Juliane Müller. Han gifta seg med Anna Marie Cecilie Hjorth (1867–1929) som stamma frå den haldenske og egersundske skipperslekta Hjorth. Dei fekk tre søner, av dei ein som døydde berre tre år gamal. Eldste sonen, Gunnar Hjorth Jensen følgde far sin i handverk og handel. Yngste sonen var skodespelaren og teatermannen Egil Hjorth-Jenssen. Gunder Olaus Jensen budde og virka i Halden heile sitt liv.

Handverkar og handelsmann[endre | endre wikiteksten]

Han vart utdanna til målar, venteleg av far sin, og tok borgarskap som målarmeister i Halden 22. april 1872. Nokre år seinare (1876) tok han handelsborgarskap og etablerte seg som fargehandlar, ei verksemd han dreiv heilt til han døydde. I 1911 tok han sveineprøve som glasmeister, altså i ein alder av 67 år, med beste karakter. Borgarskapet som glasmeister tok han i 1912, same året som han kunne feire 40-årsjubileum som handverksmeister. Etter at han døydde tok sonen Gunnar over som fargehandlar og utvida verksemda til å omfatte jernvarehandel og fotograf.

Bladmann[endre | endre wikiteksten]

G.O. Jensen var ein av eldsjelene i avisa Fredrikssten som kom ut nokre årgangar frå 1898, og han var ei tid òg ansvarleg redaktør i bladet. To venstreaviser i ein liten by som Halden vart i meste laget, og Fredrikssten gjekk inn omkring 1902. Som ein kuriositet kan nemnast at Sven Elvestad trødde sine journalistiske barnesko i nettopp dette bladet.

Lokalpolitikar[endre | endre wikiteksten]

Gunder Olaus Jensen, i Halden populært berre kalla «G.O.», var sterkt politisk interessert. I 1880- og 1890-åra var han ein av dei ivrigaste venstremennene i Halden. Han spela ei stor rolle i byen sitt politiske liv, men utan å nokon gong vera fast medlem av bystyre eller formannskap. Han var sterkt engasjert i unionsstriden som på slutten av 1800-talet etterkvart vart ganske hektisk, ikkje minst i grensebyen Halden. Han var ein av dei ivrigaste forkjemparane for at det norske flagget skulle vera reint og utan unionsmerke.

Lokalpatriot[endre | endre wikiteksten]

Jensen var ein ihuga lokalpatriot og deltok aktivt i lag og organisasjonar. Han var òg ein av dei første som gjekk aktivt inn for å endre byen sitt namn frå Fredrikshald til Halden, og han sette fram forslag om å søke myndigheitene om dette i Fredrikshalds Handelsstands forening i 1908. Han fekk ikkje mykje støtte den gongen, og forslaget fall. Han fortsette likevel å både tale og skrive varmt for denne saka, men fekk aldri sjølv oppleve namneendringa som trådde i kraft i 1928, berre fire år etter at han døydde.

Organisasjonsarbeid og verv[endre | endre wikiteksten]

  • 1886–1888: Medlem av likningsnemda i Halden.
  • 1886–1891: Medlem av direksjonen for Norges Bank si avdeling i Halden. I denne perioden var han òg medlem av banken sin ettersynskomite.
  • 1887: Medstiftar av Smålenenes krins av Norges Forsvarsforening
  • 1907–1910: Revisor i laget «Haldens Minder».
  • 1911: Medlem av ein komite sett ned av formannskapet som arbeida for jernbane mellom Halden og Rakkestad.
  • 1911–1913: Varamann til bystyret i Halden.
  • 1911–1924: Varamann til styret i «Haldens Minder»
  • 1917: Medlem av ein kommunal jernbanekomite.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]