Gunn Berit Gjerde
Utsjånad
| Gunn Berit Gjerde | |||
| | |||
| Fødd | 28. april 1954 (71 år) | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Venstre | ||
| Yrke | politikar, redaktør, journalist | ||
| Utdanna ved | Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda | ||
| Alle verv | |||
Gunn Berit Gjerde (fødd 28. april 1954) er ein norsk politikar for Venstre.
Ho var vararepresentant til Stortinget for Møre og Romsdal i stortingsperioden 2005-2009. Ho møtte fast ein lengre periode, medan Leif Helge Kongshaug var sjuk.
Gunn Berit Gjerde var medlem i kommunestyret i Hareid kommune frå 1987 til 1991. Ho blei vald til ordførar i Hareid ved direkte ordførarval i 1999, og vart attvald for perioden 2003-2007.
I periodane 2003-2007 og 2007-2011 er ho medlem i Fylkestinget og Fylkesutvalet i Møre og Romsdal.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Gunn Berit Gjerde hos Stortinget.no